
Saman med husmummeret så ønsker me oss brevluke på garasjeveggen.
Tenk så herlig å få posten rett inn i garasjen!
Der kan den berre "hope seg opp" i feriane utan at nokon legg merke til det.
Aldri meir våte aviser.
Aldri fleire purringar på rekningar som forsvinn på mystisk vis...
FrøBarna er glade i post, og har stor glede av å hente posten ut av postkassen. Det er ikkje alltid at posten kjem like heil eller heilt fram til kjøkkenet. Den siste tida er det vel FrøPrinsen som har ansvaret for største delen av postmysteriet...
FrueFrøet er berre ikkje heilt sikker på at denne utgaven i rustfritt stål er den som vil passe på garasjeveggen - saman med eit husnummer av typen i innlegget under...
Fins det andre som har forslag til utforming?
(Messing er i utgangspunktet ikkje aktuelt...)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar