Livet er hektisk. FrueFrøet og Snekkeren svinsar sundt bland julekuler som skal stuast vekk og juledukar som skal vaskast og strykast. Dukane må vere klar til neste sesong veit du! Når neste jul bankar på så har me det altfor travelt til å vakse og stryke dukar! Me pleier egentlig å la juledukane ligge i skittentøyskapet fram til etter sommarferien, men her i huset har me ambisjonar om å leve livet litt meir frampå i 2010... så får me no sjå... Det er DugnadsTexas i FrøHeimen om dagen.
Skal prøve å få ned nokre ord om det seinare...
I dag riv sukkersuget i FrueFrøKroppen. Og sidan FrueFrøet er midt i DugnadsKaoset, er ÆRESmedlemsskapet i lokalavdelinga for FrustrerteFruer så og sei iboks!
Har nesten ikkje tid til å gå på jobb. I kveld då DugadsShoppinga var over og FrueFrøet endelig var innandørs og heime, så hadde det smakt med eit aldri så lite glas juice.
Kjøleskap vart saumfart nøye, men ikkje så mykje som ein einaste litan dråpe var å finne... Det var jo egentlig greit sidan FrueFrøet har ambisjonar om å redusere sukkerinntaket i 2010!
Så var det berre det at denne DugnadsFrustrasjonen reiv og sleit litt ekstra...
Litt SoloResteDråpar hadde smakt fantastisk!! Før FrueFrøet vist ordet av det var lyset på i SpissKammerset;
Der inne var det 4-5 minusgrader... og all Solo var blitt til IS!
Sku nesten tru at det sat nokon på skuldra som passa på at
"Ne-hei - Solo og Sukker blir det ikkje på deg i dag!"
SUKK.. og God Natt!


2 kommentarer:
Kjenner meg igjen her ja...
Godt nyttår til deg og dine. Ser ut som dåke har hatt ei triveleg jul med mykje kjekt.Ønsker deg fine vinterdagar, men med litt varmare temperaturar. God helg.
Væææh, eg blir beint stressa av å lesa her!!
uffdå, åsså frosen solo når trongen var høgare enn ...melderskin?
Eg syns nå heller at "ro nedpå" istadenfor å vera frampå burde vera nytårsforsettet ditt;)
Har hatt ei aldeles strålande koselig bursdagsfeiring idag.
Gonatt:)
Klem
Legg inn en kommentar