Viser innlegg med etiketten Vinterlek. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vinterlek. Vis alle innlegg

onsdag 6. januar 2010

13. dag jul...

I dag har me rydda ut jula her i FrøHeimen.
Me har i alle fall starta. Det drøyer nok litt før hus og heim er slik me helst vil ha det...
(Skal ha ein liten gjennomgang av bloggen også... men sidan 13.dag jul var dagen for å gå JuleBukk då eg var liten, så får bildet til overskrifta stå litt til....)
Med 24 minusgrader verkar våren laaaangt unna, men med jula ute så er det lettare å sjå framover og telje ned!
Me tel forresten ned mot slutten av februar - då dreg FrøFamilien saman med 4 gode venner til varmare strøk!
Og du - bedre seint enn aldri?...
Godt Nytt År til alle kjente og ukjente!!
Dette blir eit supert år!

onsdag 30. desember 2009

LavoFest 2009

FrueFrøet advarer her mot eit langt og lenger enn langt innlegg!
Årets LavoFest i bilder.
Vinterens herligaste - og kun for vaksne!
Tusen takk til T & K for nok ein herlig LavoFest!
Ingen gjer dette bedre enn dåke!

Før me kunne vandre oppover i skogen, måtte det avgjerast kven som skulle hjelpe til med å bringe opp kveldens meny - og kven som kunne "få slippe"...

Kva er vel meir naturleg enn nokre rundar med Curling på heimelagabane - rett utanfor inngangsdøra?!!?



Kven i verda har vel noko i mot å komme på siste plass, når jobben er å bære opp slike herligheter?!!

Spekemat i laaaaange banar!

4-5 sortar pølse, spekeskinke og fenalår med alt som høyrer til!

...og innbakt brie!
Bordet var -som alltid - dekka med nisseserviset og nydelig bestikk.
(Vertinna har nærkontakt med Perfect Home...)

og til dessert.... Gele for vaksne!

Turen heim gjekk gjennom skogen i strålande måneskin! Fotoapparatet til FrueFrøet er ikkje god på å fange slike trolske øyeblikk, så det fekk rett og slett kvile i lomma.

Minus 15,6 då me kom heim i natt, og minus 18,4 no i det sola er på veg opp...

Med to lag ull ++ og Norrøna på kroppen gjekk det fint, men i dag skal FrøPrinsesso bli med FrøMammo/FrueFrøet ut for å kjøpe nye vintersko til begge to!!!!!

(Med ein barndom på vestlandet, så blir dette med vinter OG kulde noko som fasinerer - sjølv om FrueFrøet altid seier "vinteren er der for at det skal kunne bli vår".)

Skal du ut i dag? Kle deg godt, og stå ikkje stille!!!

TUSEN TAKK
til FrøBesto og FrøBessen for barnevakt!
Dåke er heilt fantastiske!!!

søndag 4. januar 2009

Etter nokre vaklande skøytetak...

...gjekk det bedre. Mykje bedre! Frøprinsesso ville helst ikkje heim igjen i heile tatt!
Frøprinsen måtte plutselig-veldig-TISSE! Så då reisete me heim alikevel.
...etter middag ventar varm sjokolade og gulerotkake...mmm!