Viser innlegg med etiketten bloggtreff. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bloggtreff. Vis alle innlegg

torsdag 17. september 2009

KSSK loppemarked

Det er loppemarkedhelg.

Krokstad og Solberg Skolekorps inntar Solberg Sport- og Kultursenter

Lørdag og søndag er det ope for publikum...

foto: Thomas Petri - Louise Campbell sin leilighet i Kjøbenhavn

Snekkeren har fått det ærefulle oppdraget om å stelle i stand i morgon kveld,

og å stå som selgar av lampar og slikt på lørdag og søndag. FrueFrøet skal bake kake til kafeen. Trur det må bli brownies


...ellers er det planen å nytte det flotte veret til å få malt vindu og vindussprosser, så arbeidsledig blir vel ingen av oss denne helga...

FrueFrøet hadde akkurat stabla på beina nok mot til å delta på bloggteff.
Vaktlista for helga satte sluttstrek for dei planane.
Er lei for at det ikkje blir mulig å delta på bloggtreff i Drammen i morgon.
Manglar rett og slett barnevakt.


Håpar at desse flotte bloggedamene trives så godt saman at det ikkje vert altfor lenge til neste mulighet!!!

FrueFrøet har smuglest dei koselige kommentarane frå dei som har meldt seg på...

torsdag 27. august 2009

Skal, skal ikkje...

Fredag 18. september kl. 18.30 inviterer
Hanna med bloggen Sjarmerende gjenbruk
og Aase hos Godslageret brukthandel til
BLOGGTREFF på PIGEN i Drammen...
Lurer på om eg skal våge meg frampå...
...elle-melle...