søndag 7. desember 2008

Adventstid...

Skulle jo liksom bake pepperkakehus. Det var berre det at dagen var for fin...
Slik såg det ut i dag tidleg. Frøprinsen var først på beina. Brukar vera Frøprinsesso som er først. Ho skal helst ha stova for seg sjølv i nokre timar. Nyt å slenge seg på sofaen og sjå barne-tv medan me andre ligg og søv. Men i dag var altså rekkefølga omvendt.
Snekkeren påtok seg snømåkinga (FrueFrøetMammo fekk støvsugingsjobben....snakk om fiksa loddtrekning!!!). Når den jobben var over, vart begge Småfrøo kledd opp på beste måte og sendt ut. Etter støvsuginga var det litt handel på programmet. Litt meir vinter-utekler, god mat og KOSE-KJOLE til Mammo!!! Skal komme tilbake til den.

Når Mammo kom heim var Frøprinsen og Snekkeren akkurat kommen i hus. Frøprinsesso blei lokka inn med nisse-graut. På veien ba ho med seg nabo-guten; " Han lika da så godt jo vettu' Mamma!" Etterpå var alle for slitne til å gå i gang med bakst. Det vart leik og kos i staden.

I postkassen låg det ein pakke, og i morgon står julekorta for tur. Tenkte Frøprinsen sku få kunstenerisk frihet på konvoluttane. Frøprinsesso skal på Leikeland-bursdag- Snekkeren skal ta med Farfar og spele på julegran-tenning på Portåsen. Det bli nok ein fin dag utan baking i morgon og... Eller. Det er jo alt søndag... Natta!



Ingen kommentarer: