Eg begynne å bli "vaksen". Har runda 38... Vaks opp i vakre Kvinnherad (Ytre luten), men ramla oppi kjærleik på hi sio av fjellet. Har vore samman med Snekkeren sidan rett oppunder jul 1996. Etter at me kom samman er det blitt bryllup og 2 barn. Åra har ellers gått med til å pusse opp eit stort hus, anlegge hage, pusse opp ein båt på 34 fot, for så i 2005 å bygge nytt hus for eigen sprikermaskin... Me trives og har det veldig godt - og bruker litt tid på å fortelje akkurat det til kvarandre; at me har det godt og er glad i kvarandre!
Å våga vera dristig. Gå eit lite skritt lengre. Velgja ein ny fargesamansetnad. Ta ei uvanta reise. Kjøpa seg hatt. Gå innom ein nabo ein ikkje har gjesta på år.Senda den helsinga ein ikkje har turd. Dansa berrføtt i graset... Grensene våre er ofte så tronge at lite skal til før vi er over. Dei fleste av oss kan ta mange steg før vi kjem i nærleiken av det uansetendige. Vi risikerer kun å ha det litt meir gøy.
foto: IKEA Ønske meg mange ting eg. Blandt anna så ønske eg at IKEA skal begynne å lage denne slagbenken som to-seter - og kvitmalt. Den haddde vore perfekt til mitt bad!! Har IKEA ein postkasse for slike ønsker mon tru?
1 kommentar:
Hei! Hadde gjerne tatt en sånn slagbenk i hvitt eg og ;)
Fant deg inne hos Emmelines, og bloggen din hadde et sånt herlig navn at eg måtte bare innog kikke (selv om eg egentlig skal skrive på julekortene).
Koselig blogg du har! Ønsker deg en kjempefin uke videre ;)
Legg inn en kommentar