onsdag 3. desember 2008

Takk til My little footprints!

For lenge, lenge sidan var eg så heldig at eg fekk kopi av nokre utruleg flotte mønster til flotte monogram. "Lisbeth sin lille verden" lagar mykje vakkert med slike broderi! Det er 8 månader sidan dei dumpa med i postkassa mi... I lang tid har eg brodert, sydd, strikka og hekla. Endelig er eg klar med takkehelsinga, og i morgon tidleg går turen til postkontoret med denne pakka. Håpar Beth i My little footprints likar noko av det eg har laga. Sidan eg er ny i blogglandia, og ikkje har så mykje besøk enno, så vågar eg meg frampå med ein kikk inni pakka:Eit djup lilla skjal i alpakka og mohair med havskum-mønster... Må innrømma at eg er spent på om dette fell i smak. ...og ein liten pung etter Tilda mønster, men med Hardangersømsvri og litt blonder. Har kosa meg med å lese i Beth sin blogg, så eg håpar at lin, blonder og litt rosa passar?!! No skal eg kose med med broderi! (Etter at Prinse Frøet og Prinsesse Frøet er i seng...) Ha ein fin førjuls-kveld!

1 kommentar:

Alma Merethe sa...

Heia. Flott blogg du har. Fant den via andre blogger. Nå ble eg litt nyskjerrig hvor du har funnet de flotte bokstavene som kan broderes på stoffer.

Ønsker deg et godt nyttår til deg og dine.