Eg begynne å bli "vaksen". Har runda 38... Vaks opp i vakre Kvinnherad (Ytre luten), men ramla oppi kjærleik på hi sio av fjellet. Har vore samman med Snekkeren sidan rett oppunder jul 1996. Etter at me kom samman er det blitt bryllup og 2 barn. Åra har ellers gått med til å pusse opp eit stort hus, anlegge hage, pusse opp ein båt på 34 fot, for så i 2005 å bygge nytt hus for eigen sprikermaskin... Me trives og har det veldig godt - og bruker litt tid på å fortelje akkurat det til kvarandre; at me har det godt og er glad i kvarandre!
Å våga vera dristig. Gå eit lite skritt lengre. Velgja ein ny fargesamansetnad. Ta ei uvanta reise. Kjøpa seg hatt. Gå innom ein nabo ein ikkje har gjesta på år.Senda den helsinga ein ikkje har turd. Dansa berrføtt i graset... Grensene våre er ofte så tronge at lite skal til før vi er over. Dei fleste av oss kan ta mange steg før vi kjem i nærleiken av det uansetendige. Vi risikerer kun å ha det litt meir gøy.
For lenge, lenge sidan var eg så heldig at eg fekk kopi av nokre utruleg flotte mønster til flotte monogram. "Lisbeth sin lille verden" lagar mykje vakkert med slike broderi! Det er 8 månader sidan dei dumpa med i postkassa mi...I lang tid har eg brodert, sydd, strikka og hekla. Endelig er eg klar med takkehelsinga, og i morgon tidleg går turen til postkontoret med denne pakka.Håpar Beth i My little footprints likar noko av det eg har laga. Sidan eg er ny i blogglandia, og ikkje har så mykje besøk enno, så vågar eg meg frampå med ein kikk inni pakka:Eit djup lilla skjal i alpakka og mohair med havskum-mønster... Må innrømma at eg er spent på om dette fell i smak....og ein liten pung etter Tilda mønster, men med Hardangersømsvri og litt blonder. Har kosa meg med å lese i Beth sin blogg, så eg håpar at lin, blonder og litt rosa passar?!!No skal eg kose med med broderi! (Etter at Prinse Frøet og Prinsesse Frøet er i seng...) Ha ein fin førjuls-kveld!
1 kommentar:
Heia. Flott blogg du har. Fant den via andre blogger. Nå ble eg litt nyskjerrig hvor du har funnet de flotte bokstavene som kan broderes på stoffer.
Ønsker deg et godt nyttår til deg og dine.
Legg inn en kommentar