onsdag 7. januar 2009

Gi oss i dag vort daglige brød...

Det er mange slags nyttårsforsett ute og går no om dagen. Dei fleste ser ut til å stå i kø på eit treningssenter. Nyttårsforsettet til Frue Frøet er å bake brød. I alle fall oftare enn før... Denne gongen vart det tre STORE youghurt-brød etter oppstkrift frå Bessen til Frøbarna.
Brøda vart saftige og gode. NAM!!! Det er så godt med heimelaga nybakt brød. Kjenner at lysta til å gjenta er sterk. Og det skal ikkje meir enn ein runde til, så er det ein brødbakstforbedring på over 100% frå i fjor!Er så heldig å ha flott utstyr tilgjengelig. Arva denne kjøkkenmaskina av herlige og fantastiske Frk. Mimmi! I dette huset har me ikkje hushjelp, men me har Assistent! Og det er ingen dårleg Assistent. Assistent har gjort unna mange hundre kilo med diverse bakevarer før me fekk lov til å overta vidunderet. Frue Frøet hadde nok kanskje ikkje takka nei til ein lyseblå KitchenAid...
-Men denne har jo SJEL! Og om eg berre hadde klart å formidle lyden... Det er nesten umulig å snakke saman når Assistent går i gang. Trur nesten alle naboane høyrer det, når det er baking på gang i Frøheimen. Men Assistent er effektiv, og gjer unna all knaing på kort tid!
Sidan Frue Frøet er 100% yrkesaktiv, så er det om å gjere å få brøda ekspedert i løpet av ein KORT ettermiddag. Så snart deigen er elta, så går heile bakebollen inn i steikeovnen på 35'C. I løpet av uventa kort tid er det på'an igjen for Assistent. Deretter lager Frue Frøet tre raske brød på ei steikeplate, og inn igjen på 35'C. Den heve-funksjonen er det beste med heile steikeovnen!!! I tillegg så er ovnen rask med å komme seg opp på rett temperatur når Frue Frøet kort tid etter tar brøda ut for å førebu steikinga. Deretter er det berre å ta ein god kopp te, ta fram strikke-tøyet og vente på godt brød!
...så takk Assistent for vort daglige brød...

Ingen kommentarer: