Viser innlegg med etiketten brød og kaker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten brød og kaker. Vis alle innlegg

lørdag 30. januar 2010

Knerten gifter seg - og FrøPrinsen bakar rundstykker

Onsdagar hos FrøBesto er HimmelRiket for alle med små skostørrelsar.
Når FrøPrinsesso er på skulen,
(og ikkje skal ha FrøBesto sin oppmerksomhet på syrommet)
så er det FrøPrinsen som er i fokus.
Etter å ha gjenfortalt filmen om Knerten,
så vart det litt prat om at
Knerten skulle gifte seg.
FrøPrinsen og FrøBesto gjorde gjenbruk av JulaTreet - for tenk midt på ei grein der var nemlig Knerten! Han måtte berre spikkast fram! Og midt på ei anna grein, var kjæresten hans!
(Men tenk at håret hennar låg på syrommet til FrøBesto!?!)
Og så blei han like så greit gift med det samme...!
Etter at Knerten "blei gifta" (sistat FrøPrinsen), så var det i gang med baksten.
Oppskrifter var det ikke bruk for meinte FrøPrinsen
og heiv oppi litt av det eine og litt av det andre!

FrøBesto var inne og justerte litt....
Rundstykkene vart KnallGode - og oppskrifta vart cirka sånn her;

FrøPrinsen sine Beste Rundstykker

0,5 l mjølk
3 ss olje/smør
gjær (1 pk tørr)
2 ts sukker
0,5 ts salt
1 dl havrekli
1 dl havergryn
4 dl sammalt rug
ca. 5 dl kveitemjøl

225*C, 10-14 min.

Nydelige med brunost på - og te i koppen!

fredag 17. juli 2009

8 år på forskudd...

Pga. feriereise på mandag og ruskete regnsversutsikter
på lørdag og søndag, blir det i dag bursdagfeiring på bassengkanten
hos FrøBesto og FrøBessen.
Gratulere med 8-årsdagen store, vesle, go'jenta vår!
Me elskar deg!
Alle dei flotte kakebildene er tjuvlånt frå den herlige kakebloggen:
o`holy sweet!

Saman med 25 gjester blir det venner- og familiefest med grillpølser, reker kaffe og kaker på menyen. FrøPrinsesso er akkurat no igang med kakebaksten på kjøkenet til FrøBesto.
Klokka 5 brakar det laus!!!

lørdag 6. juni 2009

17. mai-kake - tilbakeblikk II

I dagane før 17. mai var det mykje kviskring og hemmelig telefonering i FrøHeimen. Frøprinsesso og FrøBesto la planar og ordna. Litt etter litt forsto me kva som var på gang, og bestillinga kom raskt frå Snekkeren; Gelekake!


Etter ein 17. mai-meny som besto av både pølser og lompe, rømmegraut og spekemat med tilbehør, vart denne flotte kaka laga servert!


Sidan det alt var langt på dag, så vart dette "kveldsmat"...


Bunadane får me heller vise fram ein annan gong...

onsdag 7. januar 2009

Gi oss i dag vort daglige brød...

Det er mange slags nyttårsforsett ute og går no om dagen. Dei fleste ser ut til å stå i kø på eit treningssenter. Nyttårsforsettet til Frue Frøet er å bake brød. I alle fall oftare enn før... Denne gongen vart det tre STORE youghurt-brød etter oppstkrift frå Bessen til Frøbarna.
Brøda vart saftige og gode. NAM!!! Det er så godt med heimelaga nybakt brød. Kjenner at lysta til å gjenta er sterk. Og det skal ikkje meir enn ein runde til, så er det ein brødbakstforbedring på over 100% frå i fjor!Er så heldig å ha flott utstyr tilgjengelig. Arva denne kjøkkenmaskina av herlige og fantastiske Frk. Mimmi! I dette huset har me ikkje hushjelp, men me har Assistent! Og det er ingen dårleg Assistent. Assistent har gjort unna mange hundre kilo med diverse bakevarer før me fekk lov til å overta vidunderet. Frue Frøet hadde nok kanskje ikkje takka nei til ein lyseblå KitchenAid...
-Men denne har jo SJEL! Og om eg berre hadde klart å formidle lyden... Det er nesten umulig å snakke saman når Assistent går i gang. Trur nesten alle naboane høyrer det, når det er baking på gang i Frøheimen. Men Assistent er effektiv, og gjer unna all knaing på kort tid!
Sidan Frue Frøet er 100% yrkesaktiv, så er det om å gjere å få brøda ekspedert i løpet av ein KORT ettermiddag. Så snart deigen er elta, så går heile bakebollen inn i steikeovnen på 35'C. I løpet av uventa kort tid er det på'an igjen for Assistent. Deretter lager Frue Frøet tre raske brød på ei steikeplate, og inn igjen på 35'C. Den heve-funksjonen er det beste med heile steikeovnen!!! I tillegg så er ovnen rask med å komme seg opp på rett temperatur når Frue Frøet kort tid etter tar brøda ut for å førebu steikinga. Deretter er det berre å ta ein god kopp te, ta fram strikke-tøyet og vente på godt brød!
...så takk Assistent for vort daglige brød...

søndag 4. januar 2009

Gulerotkake...

... er i grunnen godt! Akkurat desse bitane er restar frå eit vanvittig kake-bord på Juletrefesten til barnehagen. Frøprinsen gjekk rundt og fortalte at denne kaka var det mammo hans som hadde laga... Det vart nok igjen til at me kan ha kaffi-gjester fleire dagar... I morgon er det i gang med barnehage, skule og jobb for alle i Frøheimen. Januar og februar blir travle månader. Frue Frøet håpar å rekke å planlegge litt hage. No er det jo lysare tider i vente!!
Det er fortsatt 100% jul her i Frøheimen, men det er på nåde! Snekkeren er musikalsk deltids-nisse på diverse juletrefestar no om dagen, og han vil så gjerne ha juletreet i stova ut kommande helg. Frue Frøet har ein annan plan - kommande helg skal brukast til å koste ut jula med tilhøyrande hybelkaniner. Det skal bli godt å møte 2009 med nyvaska og ryddig hus neste søndag kveld!