For øyeblikket går det i sying og stapping av Tilda iskrem. Valget falt på ulike voksdukar. Skulle egentlig hatt litt rosa voksduk med kvite prikkar. Den rullen låg i vogna til ei mamma med 3 jenter i alderen 2,5-5 år (?)! Jentene var prakteksemplariske. (Om du er ei av bloggedamene her i blogglandia: Du har all min beundring - så flinke prinsesser du har!) Mine Frøbarn hadde nok klart å forsvinne mange gonger og fylt korga med mykje flott frå tidlegare nevnte hyller... For ikkje å snakke om alle måtissenoogerforferdeligtørst(!) avbrytelseane. Derfor fekk dei og lov til å vere heime med Snekkeren!
Det var dårleg med ullstoff. Har forstått at det er ullboucle eg er ute etter. Utvalget i hyllene var ikkje så stort, og det passa seg heller dårleg å gå på tjuvjakt i handlekorgene til folk... Får ta ein tur ein annan dag. Kjøpte eit mønster på kjole og to slag litt rimeligare stoff å prøve på. Er jo ikkje heilt dreven på det å sy kler, så det kan jo vere greit å øve litt?
Ein ting er i alle fall sikkert - eg har fått kontakt med prinsesse-nervo mi! Den har aldri vore så veldig vellutvikla. Har i grunn altid tenkt på meg sjølv som meir praktisk enn vakker. Og at det vakre får eg heller ta igjen i eit anna liv... Men no har altså "Dronninga av dei grøne slagstøvlane" gått henn og blitt heilt sukkande betatt av kjolar. Lange, korte, einsfarga, mønstra, smale, vide, flagrande og fantastiske! I kveld har eg rett og slett surfa rundt på nettsidene til mange norske designarar og berre kosa meg!
Ønskeliste:
- Sybyste
- Fine stoff
- Godt mot
- Invitasjon til sommarfest med pent antrekk
- Nye sko
- Ny veske
sukk!
Er det forresten heilt ut med hatt? Trur egenlig livet med hatt hadde vore vel så artig som livet uten. Tenk sååååå mange romantiske treff når hatten berre bles avgarde - og midt i fleisen på drømme-prinsen! Eg drømme meg ein vidbremma hatt som berre osar sommar! Og litt vind. Akkurat nok til å sende hatten over til Snekkeren når eg ville ha litt gentlemansfakter og eit kyss...

foto: wkdesigner
Til og med oppskrift på denne hatten her;http://wkdesigner.wordpress.com/2008/08/18/summer-wide-brimmed-hat/

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar