Alma Merethe i Alma Merethes hjørne har utfordra meg til å finne ein favoritt ting i heimen. Må tenke litt på kva det er.
Klar favoritt... hmmm... Har masse eg er glad i, og masse eg er "avhengig av".

Tenker at det eg er avhengig av ikkje nødvendigvis er det som gjer meg
glad... sjølv om dei gjer meg
rimelig fortvila om dei ikkje var der; nemlig oppvaskmaskin og vaskemaskin!

Mmm... nei det eg er mest glad i er nok noko som eg
aldri har brukt. Eg er så heldig å ha eit nydelig kaffe/te-service til 12 med fløyte mugge, sukker skål og kanne frå Arabia, Finnland.


Har fått det av mormor. Det var ei
bryllupsgåve då ho og morfar gifta seg i 1948. Det er liksom for fint til å bruke. Tenk om noko vart knust! No - etter 61 år!!!

Glamourbiblotekaren hadde eit innlegg for ei tid tilbake som har fått meg til å tenke litt nytt. Må berre sondere terrenget litt, så kjem det nok skriftleg invitasjonar ut;
te-selskap ein søndag føremiddag. Nokon som vil komme? Det er plass til 12...
Fine kjolar, god te, fin musikk og berre kos - jente kos! mmmm... Det er på tide at koppane kjem ein tur ut av skapet.

Tusen takk for denne vakre skatten kjære mormor!
Har eit par, tre andre ting eg er glad i og. Trur eg må lage fleire innlegg om dette!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar