Sola skin! Klarar til og med å komme gjennom all skiten på vindauga... Skin så fint på støvete golv, osv. Eg skal liksom ikke løfte og styre på ei stund, så støvsugaren har fått fri frå meg... I morgon derimot skal ikkje sola skine - i følge YR.NO. Då skal det snø 13 nye friske cm...
Det har vore roleg hos meg ei stund. Prøvde å ignorere det, men kroppen måtte gi tap for hoste og feber. Det vart nesten ei veke med 38,5-39,5. Då må eg berre melde pass. FrøPrinsen og Snekkern har vore gjennom det samme. Snekkeren er i grunn "på'an igjen". Då han kom heim frå Birken så seig det vist på - umiddelbart - lurer egenlig på om det i hele tatt var vekke eg!
FrueFrøet blir rastlaus (og ugrei?) av å ikkje orke noko. Då begynner hovudet å jobbe...byrjar planlegge og drømme. Eller kanskje "drømmeplanlegge". Det meste av det eg aller helst skulle hatt unnagjort kostar litt. Litt meir enn det kontoen syns er ok om dagen. Tomta vår er bratt. Det går ein sti opp frå garasjen. Her ønsker eg meg ei flott trapp som føl terenget, og som er dekka av skifer og har flott rekkverk!
Foto: google... Oppe ved huset ønsker eg meg ein flott flate som er dekka av skifer den og. Er litt steingalen...
Og så manglar det litt murar her og der. Også beplantning bakom huset - der faktisk hoveddøra vår er. Praktisk tala bakvendt akkurat det der. Hoveddøra bakom huset altså. Men berre vent! Der skal det bli ein oase. Huset ligg og badar i som om sommaren. Det med skifrer på framsida er nok ikkje det aller luraste. Blir forferdelig varmt! Nesten så ein kan steike pannekaker... Bakom huset derimot er det herleg når gradestokken passerer 25 grader... Må finne fram til nokre halv-skyggeplanter. Håpar å få inn litt roser og andre blømande vekster også...
Iceberg... Foto: Mooseys country garden
New Dawn... Foto: Mooseys country garden
Toki (klematis) Foto: Budstikka.noOg så har me lova FrøPrinsesso å få på plass jordbærkassen.
foto: google sidan vår kasse ikkje er ferdig enno... Unnskyld!! FrøPrinsesso sin jordbærkasse!Hagestove står også høgt på ønskelista. Tenk så herlig å sitje under tak og høyre at det regnar. I fjor sommar var det ein forholdsvis varm periode - med regn her. Sat inne på kjøkenet og såg at naboen kosa seg i hagestova si... Kjøkkenet mitt er trivelig det altså, men... sukk. Har allerede tegna og planlagt. Det gjenstår berre å få Snekkeren med på opplegget... Ellers så blir det rikelig anlednig til å male... Vinduer, ytterdører, lister og sprosser. Litt stakitt og ei hagegruppe... Ønske meg forresten nye "go'stolar" ute. Denne...
Foto: SlettvollLikte denne - men det er litt lite med pengar på hagemøbelkontoen... Grei utsikt og forresten. Litt verre å få ordna den... Får nyte den frå ripa på Helianthus - skuta vår (Storø 34, 1976 modell - klassisk "dame").
foto: google... (Det vart google-blide fordi det var så vanskelig å finne privat blide utan halvnakne mennesker som det må innhantast tilatelse frå før bilde eventuelt kunne publiserast!)
foto: google... (Det vart google-blide fordi det var så vanskelig å finne privat blide utan halvnakne mennesker som det må innhantast tilatelse frå før bilde eventuelt kunne publiserast!) Ha ein fin, fin dag! Eg skal pleie helsa med å drøyme vidare om sommaren som kjem (etter nye 13 cm snø...) JUHU!

2 kommentarer:
Alltid kjekkt med sol drømmer. Huff at du var sjuk, go bedring.
Kirsten
Sol og draumar:) Men sola kjeme den! Egentlig så var den her i føremiddag, men forlot oss med iiiiskald nordavind og grå himmel.
Dog ingen snø!!
God bedring der aust!
Klem W
Legg inn en kommentar