Viser innlegg med etiketten Sommar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sommar. Vis alle innlegg

torsdag 15. juli 2010

Sommarkveld...

...på terassen til ei flott JenteDame
JenteDameKveld i SyKlubben

Herleg fri prat

om alt

om ingenting

Ein liten fest
midt i SommarKveldKvardagen
Feiring av
Livet
Kvarandre
og
Samtalen
Den Nydelige Pavlovaen var det Vertinna som hadde laga
Ei ekte MåHaMykjeMeirGodKake!
Klokka vart godt over midnatt før FrueFrøet fekk hovudet på puta...

lørdag 8. august 2009

"Nye" hageputer

Nokre av FrueFrøProsjekta tek tid.
Laaaaang tid!


I løpet av "HusMorFerien" har eit av prosjekta blitt 100% ferdigstilt.
I alle fall det eine delmålet av to...

Raude, gamle og utslitne hageputer har fått nytt liv med avtagbare trekk i dongeristoff frå Stoff og Stil.

No gjenstår berre 5 små puter til den andre hagegruppa vår. Er ikkje så glad i å sy i glidelåsar. I bunn og grunn så er det 5 glidelåsar som er utfordringa...

Men om litt - og innan neste sommar, så skal det vere på plass!

Den flotte skiferen og minibrosteinen (Sjå detaljbilde i innlegget under), er det den yngste av dei store gutane i huset som har gått på utfordringa med krum rygg. Me er storfornøyd!


Snekkeren har returnert med FrøPrinsesso og FrøPrinsen. No er det slutt på laaange rolege frukostar med fersk lokalpresse og surfing på internett...

I kveld blir det reker på terassen i nydelig sommarver. Yr.no lover regn for morgondagen, og byringa av kommnade veke. Drømmen om nokre gode dagar på fjorden forsvann med den meldinga. Planen for siste ferieveka er å rydde og ordne litt. Det blir ein liten tur til kommande veke Vegårshei/Risør og familietreff i Kristiansand neste helg. Deretter er det rett på jobb.

Om FruerFrøet er klar for å gå på jobb?!!
Mmmnnnnjaaaa.... Kunne vore kjekt med nokre ferieveker til.
Har så mange prosjekt å ferdigstille!

tirsdag 4. august 2009

Blått ver og blå bær...

Feriedagane har blitt til ferieveker. Tida går altfor fort!!!
Veret har vore litt for vått til at me kallar det knallfin ferie...så langt...
Ungane er finke til å "finne på". I dag fant dei på å lage blåbærsaft ute i skogen.
Manuelt arbeid i heile prosessen: handplukka, handsmosa og til slutt; ete direkte frå handa.
(FrøPrinsen gjekk litt motvillig med på at "Pinky-genseren" måtte på vask - mindre enn 4 timar etter at den kom nyvaska på kroppen...)
I går fekk ungane litt FrøBestoTid. Då vart det bada i bassenget medan regnet ausa ned. Kjempestas!
Etterpå vart det laga Boysenbærgele. Heldige FrøMammo og FrøPappen fekk smake!!

"Det er pittelitt hemmelig, men ikkje så veldig:

Hos FrøBesto fekk me ete gele med sugerør!"
(sitat FrøPrinsesso og FrøPrinsen)

søndag 19. juli 2009

Stor pantetjuv og liten anleggsgartnar

FrueFrøet er glad i lavendel.
Draumen er ein blå "hekk".
I dag har FrueFrøet vore på Lavendel-slang.
I innkjørselen til FrøBesto vaks det mange fine små lavendelplanter.
Alle som ein hadde dei frøa seg, frå naboen sine flotte blå lavendel-planter.
No er dei planta i sinkbaljar heime i FrøHagen.

Etter ei stund i desse baljane er håpet at dei ha vakse seg noko større, og kan plantast ut!

Forrige helg vart det rufsa bakom huset.

Godt å ha med gode fagfolk...

FrøPrinsen forsto at her var det kjekt å delta, og heiv på seg jobbe-kler...

Egentlig ikkje så godt å sei kva som er FØR og ETTER bilder...

(bildet over er altså ETTER-bildet!)

Må nok rekne med å spa ned nokre planter til ja. Og 10-12 planter kvart år nokre år framover...

Så langt er det altså planta ut 3 vilvin, 2 eføy, 5 klatreroser, 3 klematis og 2 ulike bjørnebær. 15 planter i heile skråningen, og så visar dei ikkje igjen... Ja, ja: "Rom var'kje bygd på ein dag..." og ei rose og ein eføy ventar på å komme i jorda....

Det er første gong eg har planta frå stige... var heilt "av" i føtene etterpå.

Og om du skulle lure på korleis me har tenkt å få barken til å ligge: men skal ikkje ha bark. Duken får berre ligge der i fred i nokre år. Planen er å fjerne duken om nokre år, og la plantene utfalde seg fritt...

Heile to turar til gjenvinngingstasjonen med overfylt hengar med hageavfall måtte til før det såg slik ut...Godt det er frodig andre stader i hagen, mens me ventar på at det skal gro til bakom huset...

mandag 6. juli 2009

SFO

SkuleFerieOrdning
Sannelig ikkje lett å stå stille
lenge nok til å få tatt eit bilde
av den nye kjolen
som FrøPrinsesso FrøBesto handla i by'n.
Det har vore 2 kjekke veker for FrøPrinsesso. SkuleFerieOrdning hos Frøbesto. Der er det både god tid og svømmebasseng...
Denne veka er det SkuleFerieOrdning hos ei knallkjekke NaboFrue!
Overnatting og regnver...ikkje mindre kjekt det heller!
Full nedtelling; 8 år om 14 dagar!
FrueFrøet gjer det ho kan for å få unna litt både her og der før ferien - derfor blir det lite tid til blogging no om dagen...

søndag 28. juni 2009

Skip o'hoy

FrøPrinsen og Frøprinsesso er på hyttetur med FrøBesto og FrøBessen.
FrøMammo har overraskelse på lur....
SjøRøvarSkuta
er i ferd med å bli fylt opp av vatn...
I dag er det venta 30°, og i følge yr.no så trengs det avkløling i veka som kjem;

I morgen 29.06.2009
28°
Skyet. Svak vind, 3,3 m/s øst. 0,0 mm nedbør.
Tirsdag 30.06.2009
26°
Delvis skyet. Flau vind, 0,7 m/s sørøst. 0,0 mm nedbør.
Onsdag 01.07.2009
31°
Skyet. Svak vind, 1,8 m/s sørøst. 0,0 mm nedbør.
Torsdag 02.07.2009
30°
Skyet. Svak vind, 1,8 m/s sør. 0,0 mm nedbør.
Fredag 03.07.2009
30°
Skyet. Svak vind, 2,1 m/s sør. 0,0 mm nedbør.
Lørdag 04.07.2009
28°
Delvis skyet. Svak vind, 2,8 m/s sørsørvest. 0,0 mm nedbør.
Søndag 05.07.2009
28°
Delvis skyet. Svak vind, 3,3 m/s østnordøst. 0,0 mm nedbør.
Mandag 06.07.2009
26°
Delvis skyet. Lett bris, 3,9 m/s nord. 0,0 mm nedbør.

Hagamøblane er ferdig malt.
Skal sy trekk til putene så kjem det bilde av den og.
Overtidsjobbing har det også blitt. Det går framover, og ferien er litt nærmarne...

torsdag 11. juni 2009

Sommarinnspurt

No om dagen er det meir bruk for paraply enn hagemøblar.

Dermed så gjer det egentlig ikkje så mykje at hagemøblane står umalte i garasjen...

Dei blir nok ikkje like innbydande som denne kvite benken fra Country Living.
FrueFrøet drømmer om å få anskaffa noko vedlikehaldsfritt som denne gruppa frå brafab.

Med litt andre puter og litt anna tilbehør...

Ellers så går dagane som ein røyk! Denne veka har/er desse aktivitetane lista opp på kalenderen etter arbeidstid:

Musikkøvelse for FrøPrinsesso, 4 sommaravslutningar for Snekkeren, 1 sommarfest i barnehagen for store og små i FrøHeimen (FrueFrøet baker og er med og arrangerer), 1 Syklubb-kveld for FrueFrøet og 1 bursdaginvitasjon til FrøPrinsesso... før me kan ta helg og finne fram joggesko, hageredskap og malarkost!
Sidan dette er ei slags dagbok for kvardagslivet i Frøheimen sett med augo til FrueFrøet, så må det leggast til at 3 av 4 i FrøFamilien er på pensilinkur i denne runden. Streptocokkane er seige. FrøPrinsen vart kurrert i forrige runde, men FrøPrinsesso måtte i gang igjen saman med dei to store Frøo. Blir fryketlig trøtt av slike kurar! Når dei store Frøo i tillegg er fryyyyktelig dårlig på å navigere mot senga om kvelden og FrøPrinsesso ikkje klarar å ligge stille i senga si fordi me "skal-berre...", så blir resultatet lett raude augo og tørr munn... og ein smuuuule dårlegare konsentrasjon enn ellers. Som f.eks. då FrueFrøet i går bakte ein stor porsjon Rabarbrakake (oppskrift x 3 til Sommarfesten i barnehagen) og rørte smør og sukker kvitt i staden for å smelte smøret... og gløymte bakepulver ... 6 ts for å vere nøyaktig... resultatet kan kanskje kallast ein krysning av langpannekake og pai?!!! Rekk ikkje å lage ny...

Nok ein gong er me lykkelige og evig taknemmelige mottakarar av FrøBesto si omsorg og tid for å få kvardagskabalen til å gå opp!
Korleis er det med deg? Har du det like travelt no, som oppunder jul?...
FrueFrøet stortives med å ha det slik - for ein kort periode vel å merke!
Og snart er det ferie!!! Om 5 veker er det 4 veker med FRI!
OPPDATERING: Sommarfesten i barnehagen gjekk strålande! Fekk masse skryt for rabarbrakaka. Då eg endelig skulle ta ein liten smaksprøve var det tomt!!
Ellers så er aktivitetslista denne veka er utvida med 1 stk. 50 årsdag på lørdag!
Snekkeren og FrøFrua gler seg STORT! No studerer me yr.no og vurderer sykkel som transportmiddel. Me er bortskjemt med god mat og drikke når gode venner møtes på dette kjøkkenet...

fredag 27. mars 2009

SommarSPA og snø

Sidan det snør ute, så tenkte eg å minne meg sjølv på kor godt livet er med sommar, sol og sjø.
Sist sommar låg me og kosa oss på ei stein fylt strand på Kommersøya ved Holmestrand.
Ungane bada og leika.
Og laga SPA.. Gløym lavasteinar og alt mulig anna! Bedre enn dette vert det ikkje - utandørsSPA med SOLvarme steinar!! FrøPrinsen la varme steinar på ryggen til søster si... ...og FrøPrinsesso gjorde det samme på ryggen til broren. Etterpå fekk FrøMammo og SnekkerPappaen samme behandling. Mmmm - herligt!!!

Kos dåke i dag - med eller utan snø!

torsdag 26. mars 2009

Drømmeplanlegging...

... sol - bare SOL!

Sola skin! Klarar til og med å komme gjennom all skiten på vindauga... Skin så fint på støvete golv, osv. Eg skal liksom ikke løfte og styre på ei stund, så støvsugaren har fått fri frå meg... I morgon derimot skal ikkje sola skine - i følge YR.NO. Då skal det snø 13 nye friske cm...

Det har vore roleg hos meg ei stund. Prøvde å ignorere det, men kroppen måtte gi tap for hoste og feber. Det vart nesten ei veke med 38,5-39,5. Då må eg berre melde pass. FrøPrinsen og Snekkern har vore gjennom det samme. Snekkeren er i grunn "på'an igjen". Då han kom heim frå Birken så seig det vist på - umiddelbart - lurer egenlig på om det i hele tatt var vekke eg!

FrueFrøet blir rastlaus (og ugrei?) av å ikkje orke noko. Då begynner hovudet å jobbe...byrjar planlegge og drømme. Eller kanskje "drømmeplanlegge". Det meste av det eg aller helst skulle hatt unnagjort kostar litt. Litt meir enn det kontoen syns er ok om dagen. Tomta vår er bratt. Det går ein sti opp frå garasjen. Her ønsker eg meg ei flott trapp som føl terenget, og som er dekka av skifer og har flott rekkverk!

Foto: google...
Oppe ved huset ønsker eg meg ein flott flate som er dekka av skifer den og. Er litt steingalen...
Og så manglar det litt murar her og der. Også beplantning bakom huset - der faktisk hoveddøra vår er. Praktisk tala bakvendt akkurat det der. Hoveddøra bakom huset altså. Men berre vent! Der skal det bli ein oase. Huset ligg og badar i som om sommaren. Det med skifrer på framsida er nok ikkje det aller luraste. Blir forferdelig varmt! Nesten så ein kan steike pannekaker... Bakom huset derimot er det herleg når gradestokken passerer 25 grader... Må finne fram til nokre halv-skyggeplanter. Håpar å få inn litt roser og andre blømande vekster også...
Iceberg... Foto: Mooseys country garden
New Dawn... Foto: Mooseys country garden
Toki (klematis) Foto: Budstikka.no
Og så har me lova FrøPrinsesso å få på plass jordbærkassen.
foto: google sidan vår kasse ikkje er ferdig enno... Unnskyld!! FrøPrinsesso sin jordbærkasse!

Hagestove står også høgt på ønskelista. Tenk så herlig å sitje under tak og høyre at det regnar. I fjor sommar var det ein forholdsvis varm periode - med regn her. Sat inne på kjøkenet og såg at naboen kosa seg i hagestova si... Kjøkkenet mitt er trivelig det altså, men... sukk. Har allerede tegna og planlagt. Det gjenstår berre å få Snekkeren med på opplegget... Ellers så blir det rikelig anlednig til å male... Vinduer, ytterdører, lister og sprosser. Litt stakitt og ei hagegruppe... Ønske meg forresten nye "go'stolar" ute. Denne...

Foto: Slettvoll
Likte denne - men det er litt lite med pengar på hagemøbelkontoen... Grei utsikt og forresten. Litt verre å få ordna den... Får nyte den frå ripa på Helianthus - skuta vår (Storø 34, 1976 modell - klassisk "dame"). foto: google... (Det vart google-blide fordi det var så vanskelig å finne privat blide utan halvnakne mennesker som det må innhantast tilatelse frå før bilde eventuelt kunne publiserast!)
Ha ein fin, fin dag! Eg skal pleie helsa med å drøyme vidare om sommaren som kjem (etter nye 13 cm snø...) JUHU!