tirsdag 14. april 2009

Hagemessen 2009

Foto: Norges Varemesse/Hagemessen 2009
FrueFrøet har fått "fri"!
Kommande helg blir søndagen brukt på årets hagemesse! Gjett om eg gler meg!! Har fått skyss med FrøBesto og FrøBessen. Dei er begge passelig hagegalne... Blir nok fine samtalar i bilen.
I grunn sjeldan at me får snakka lenge saman om gongen. Som regel så er det eit plaster, eit dobesøk, ei flis, ein svulten liten mage, ei bok som skal lesast eller noko anna som FrøPrinsen og FrøPrinsesso klarar å finne på...
Bør antagelig legge igjen både Visa og MasterCard heime...
Fotoapparatet blir garantert med - her skal det hentast heim idear og inspirasjon.
Oppdatering: Meir om mine hagedrømmar i innlegget 26. mars....
(kan nokon forklaremeg korleis eg linkar til eigne innegg UTAN å få feilmelding!)
Det var hardt å begynne å jobbe igjen. Kroppen har det bra, men det det er jo jammen meg snart 7 veker sidan eg sist jobba full veke - om ein reknar med vinterferien og. I tilegg så er jo dette ei kort veke dette og. Overgang vart det likevel. Sovna frå lunka skillingsbollar og alt som var... Vakna då dei andre var ferdig med ettermiddagskosen. Kan ikkje huske sist eg sovna rett etter middagen!!!!
NB! I dag er 1. sommardagen i følge primstaven! Har fortsatt litt snø bakom huset, men eg vel å kose meg med ordet; sommardag - rett og slett til å bli i godt humør av!

2 kommentarer:

Nooria sa...

Jeg har hatt stor glede av noen stoffer jeg har funnet her http://www.heatherbaileystore.com/default.asp. En venninne har også handlet på http://www.stof2000.dk/category_front.php?catid=252

Nå skal jeg lese innlegget ditt om hagemessen! Har lyst til å klemme inn litt tid der mellom alle vårens loppiser :D.

Nooria sa...

Takk for koselig kommentar i bloggen min. Jeg må innrømme at jeg ble ganske skuffet over hagemessen. Nå var jo jeg der bare for inspirasjon, og jeg hadde kanskje fått mer ut av det om jeg var ute etter konkrete ting.