Viser innlegg med etiketten Vår. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vår. Vis alle innlegg

mandag 11. mai 2009

Mai-fest og vinnarlykke

FrueFrøet har vunne Anniche sin konkurranse!! JUHU!!!! (trur det snart er 30 år sidan FrueFrøet vant noko sist gong...var berre eit lite JenteFrø den gongen, og premien var ein bamse...) Har du besøkt den fine butikken ho har? FrueFrøet driv smugplanlegging av sommarferien...
Målet er å klare å komme seg innom nokre artige butikkar langs ruta... frå Drammen og langs Sørlandet og opp til Bergen. Bør vere nokre mulighetar for å kvile blikket på eit og anna "må-ha"?!! Premien vil det bli blogga meir om seinare!!
Like så mykje som at fargane i mai er rødt, kvitt og blått, så er lyden av mai Korpsmusikk!

I dag har me kosa oss her i hagen til Frøheimen!!
For ei stund tilbake bestemte FrueFrøet seg for at no hadde det jammen vore nok vanlege kvardagar. Heretter skal det vere meir feststemning i kvardagen!
Når NaboFrua foreslo å lokke Solberg Musikkkorps på besøk til Farfar som er Æresmedlem, så var det berre å kaste seg rundt!
Fruene baka kaker, kokte kaffe og blanda saft.
Mange slag instrumenter kom og gjorde denne mandagen til ein festleg dag for store og små i alderen 0 til 88 år!
Bed med bark kan nyttast til mangt...
Masse ugras og lite blomar seier du?
Neida - her er det berre veldig god plass til litt av alle dei fine vekstene som FrueFrøet ønsker seg!
Til slutt eit "kake-tips"; skal du drysse på melis?
Bruk te-sil-klypa!!
"Enkelt-penkelt" sa FrøPrinsesso når ho prøvde!
Herlig med fest i kvardagen!
Ønske alle som stikke innom mykje fest og morro i kvardagen!

søndag 10. mai 2009

Rødt, kvitt og blått

Mai-fargane over alle er rødt, kvtt og blått.
I Frøheimen er FrueFrøet så tidleg ute med stryking av bunadsjortene som aldri før! Godt å tenke på at 16.mai skal det heiast på "Fairytale" utan å ha strykejernet i handa!!!
Heggen blømer kvit - luktar kjempegodt! Prydeple sto tett i tett i raude knoppar då farfar ba om å få det fjerna. FrøBesto og FrøBessen kunne godt tenke seg eit slikt vakkert tre, og kom og henta det i går.
Det vart vakre greiner til FrueFrøet - og ein aldri så liten avleggar! Håpar det vesle treet med dei vakre blomane overlever. Det morosamme er at treet som no har flytta frå Farfar, er ein avleggar frå hagen til barndomsheimen til FrueFrøet (Gamle hagen til FrøBesto og FrøBessen).
Farfar skal plante tomater, og hadde derfor ikkje plass... I Frøheimen gjer me oss klar til å gå på tomatslang... mmm. Det finst ikkje bedre tomater enn Farfar sine solmodne!
Borte hos Farfar veks denne vesle, vakre, blå blomen. Er det nokon som kan hjelpe oss med navnet på denne?!

Blir kjempeglad for informasjon om blomen!!!
Har fått bekjed om at det ikkje er "for-glem-meg-ei"...
OPPDATERING: Den blå blomen er Vårkjærminne. Den er i slekt med "For-glem-meg-ei".

fredag 8. mai 2009

Uteservering

Uteservering i slike omgivelser hadde vel vore fint...
I kveld blir det litt ekstra kos. God kveldsmat. Etterpå ventar finalen i Norske Talenter.
PrinsesseFrøet og FrøPrinsen har derfor fått enkel uteservering. I staden for middagsmat. Det såg vistnok så godt ut at NaboPrinsen vart bråsvolten han og...!
Er du litt forvirra over alle prinsane og prinsessene? Me har det altså så fint her me bur i vår fredlige krok av bygda at det nesten må reknast for å vere eit aldri så lite - og litt magisk - kongerike!
No ventar det som ikkje vart ferdig av husvask i går... så er det helg i Frøheimen!
GOD HELG TIL ALLE SOM STIKK INNOM!

onsdag 6. mai 2009

Pelargonia

FrueFrøet jaktar på perlargonia. Tenkte først å begynne med dei mest kjente; Mårbacka og Dronning Ingrid.foto: BoGrønt

Det vart googla og googla. Det vart til og med sendt frekke forespørsler til hyggelige bloggedamer med flott blogg om å få lov til å kjøpe stiklingar... FrueFrøet fekk heldigvis trivelige tilbakemeldingar; vennlige nei og ny informasjon om at det var store diskusjonar på gang. Kunne det ha seg slik at Mårbacka og Dronning Ingrid det samme?!


Elisabeth i Pelargonia Oasen har ein annan forklaring...



Dronning Ingrid:

Gml pelargon som har blitt dyrket på den danske enkedronnings slott , Gråsten.
Man mener at denne sorten opprinnelig kommer fra Dronning Ingrids sommerslott i Sofiero i Sverige.
Den skiller seg fra den svenske `Mårbacka` ved at `Dronning Ingrid har mindre og med doble blomster. Og blekgule støvbærere uten pollen.
`Dronning Ingrid` har blitt solgt i Danmark fra 1920-tallet som `Esther`.
Dronning Ingrid blir en kraftig plante med doble blekrosa blomster.



Mårbacka:

Zonale.
En gammel svensk klassiker, eksistert siden 1800-tallet. Oppkalt etter Selma Lagerlöfs bolig `"Mårbacka". Denne finnes i flere farger, da med fargenavn eller menneskenavn etter. F.eks Mårbacka Hanna, Mårbacka hvit etc.
Denne skal være den opprinnelige sorten fra gammelt av, den er ettersigende tegnet av Carl Larsson på noen av hans tegninger.
Mårbacka er storvokst, og får store nydelige lyserosa over til hvite blomster.
Et must for alle pelargonelskere :)

...og etter å ha kjent til Elisabeth i ca. 1 døgn, så er FrueFrøet overbevist om at dette er ei dame som kan sine pelargonier!!


Dronning Ingrid er alt i hus. Dvs. dersom Pantasjen har merka panta med rett navn... Merking med navn på pelargoniar er det generelt dårlig med. Og FrueFrøet vil gjerne ha blomar med navn! Kan nokon fortelle det til produsentar og forhandlarar! Aller helst skal det ikkje berre følje med eit navn, men navnet bør jo stå på ein fin merkepinne av tre eller sink, med ein fin skrifttype...



Det det er dårlig med, må ein ordne sjølv. Dermed så er jakta på fine merkepinnar i gang...


Men tilbake til jakta etter vakre pelargonia.

Drømmer fortsatt om at det skal finnes ein Kvit Mårbacka der ute...

foto: picasaweb
Googlinga fortsatte, og følgande treff fanga interessa til FrueFrøet:


Pelargonium Oasen med masse flotte bilder av pelargoniar. I tillegg har den hygggelige bloggedama enda ein blogg - eit eldorado av pelargoniaer i både veksthus, lysthus og pelargoniatrapper. Berre sjå her - Elisabeths Skriblerier.


og lille GARTNERI kor det er mulig å få kjøpt stiklingar.


Kvit Mårbacka var ikkje å få kjøpt, så då får det heller bli

eller
Decon Arlon...

eller
Appleblossom Rosebud...
eller
Birthday...
Utruleg så mange fine de fins! Derfor så måtte FrueFrøet hive seg utpå og kjøpe ei bok og to...


Har du tips om pelargonia eller fine merkepinnar?


FrueFrøet blir ellevilt jublande glad for ein kommentar eller to...!

tirsdag 5. mai 2009

Orangeri

Hovudet til FrueFrøet jobber på spreng. Leitar etter inspirasjon til hagestova. Og det leeeenge før Snekkeren har løyst forskalingsproblematikken for trappa... Det skadar vel ikkje å vere ute i god tid for ein gongs skuld?

Orangeri - ordet aleine er herlig! Tenk å kunne sende ut skriftlig invitasjon til te-selskap i Orangeriet... Drømme-drømme drømme!!!!
Denne fasongen, men frittliggande er det FrueFrøet ser for seg. Det er ein bratt skråning det hagestova skal ligge. Det er nok mest aktuelt å mure opp bakveggen. FrueFrøet likar murstein, så det skal gå fint! Så lenge det er "rett sort" murstein...
Tenkiske problem som høgder i terreng og slikt får komme seinare. No er det berre inspirasjon og drømmar som er viktig!
Snekkeren likar bildene han og, men påstår at det er uaktuelt med glas i taket... Blir kanskje ei lett blanding av hagestove og orangeri ... hageri ... orangestove...
hmmm... uansett så skal det bli ein link mot huset, så det må hentast litt detaljar frå det og.

Sjekk det fine minihuset i vindusposten! Det er plutselig på ønskelista det og!!!
Peis er og kjekt å ha. Kan jo fyre opp og innvitere til julegløgg. Eller kva med narch-spiel nyttårsafta... Uansett kjekt å ha. Kan jo bli kjølig om sommaren og.
FrueFrøet kan utan tvil trivast med fleira av desse løsingane...
Spørs kor frodigt det ville bli inne, men eit par pelargonia og to skulle det nok bli plass til.


Kjempefine små-vindu!!
Flott trap, hus og hage!
Romantisk møteplass...
Vakre drivhus...

...detaljer i tak...
Heldige er dei som allerede har fått seg orangeri! Berre sjå her...

Andre kjekke linkar:


Ønsker deg ein inspirerande dag!
Oppdatering: Snekkeren og FrueFrøet har ikkje garasjen full av orangeriutstyr altså! Nei da, der er det berre vanlige "plankar" og sånt + litt listverk som vart til overs då huset vart bygd..

søndag 3. mai 2009

Herlig helg, trapp og hagestove...

Dette har vore ein herlig 1. mai-helg! Me hadde gode venner på besøk fredag. Barnevennlig servering: Pølse-pizza med heimelaga pizzasaus på grov botn. Me gløymte raudbrusen, så den får me servere ved neste anledning.
Fredag var Frøprinsen, Frøprinsesso og Mamma Frøet "rompe-diltarar" etter Solberg musikkkorps. FrøPrinsen elskar musikk; marsjerte, dirigerte og slang kyss til SnekkerPappaen som spelar tombone i korpset.
På ein slik fin dag, så må det jo kjøpast is!
Høgdepunktet for FrøPrinsessa var nok likevel Hanna Montana filmen! Ho gjekk rundt og gleda seg så mykje at det nesten var umulig å sove... Saman med to gode venninner - og iført rosa Hanna Montana t-skjorte og Hanna Montana hatt - vart filmen eit absolutt høgdepunkt denne helga. Venninnene fekk overnatte, og FrueFrøet og Snekkeren fekk kosa seg med gode venner på besøk!
Resten av helga har FrueFrøet kosa seg i hagen. Hakka og spadd der trappa skal komme. Tidlegare i veka hadde me kjekt besøk av ein knallflink snekker (ikkje min Snekker) - rett og slett eksperthjelp! Fekk målt nokre høgder og lengder. Det vart ganga opp og dividert - anslått antall trinn og lengder på repo - god planlegging! No er det berre å grave plass til forskalinga... Det er FrueFrøet sin jobb. Snekkeren (min) skal stå for forskalinga. Det er litt tankearbeid slike prosjekter som denne trappa. Samtalane mellom Snekkeren og FrueFrøet går gjerne slik som dette:

Snekkeren: "Det er nok like så greit å få inn ein bil (les: med ferdig blanda sement). Smelle opp forskalinga og få inn ein bil."
FrueFrøet: "Ja vel?!"
Snekkeren: "Ja! Det må jo inn ein bil med sand og sement. Og så blir me ståande her og blande. Kan jo likeså greit plassere trinna i forskalinga (skal bruke kantstein av grå granitt som opptrinn), fylle opp med sement og legge i skiferen med det samme!"
FrueFrøet: "Men då kan me jo like så greit støype solen til hagestova samtidig! Når det først er bil her! Så er i alle fall den på plass. Resten kan me jo orden eit anna år..."
Snekkeren: "Resten eit anna år?!!! Nei! Kjem solen på plass så hiv er fort opp resten. Alt av materiale ligg klart i garasjen!"
YIPPI - HAGESTOVE - YIPPI-YIPPI-YIPPIIIII!!!
...dermed er det berre å kaste seg over tegnebrettet. Her skal det ikkje inn ei prefabrikert "hytte". Nei da. For å utnytte plassen maksimalt, så blir det nokre tilpassa vinklar og plassbygd løysing... Vil prøve å få inn nokre av dei samme elementa som i huset. Guri kor eg gler meg!!!

søndag 26. april 2009

Snart helg...

Litt tidleg ute kanskje... Ei fantastisk helg er snart over, og eg er sikker på at denne veka skal gå fort! Berre fire dagar på jobb. Travle ettermiddagar. Så er det LANG-HELG!Denne herlige buketten har eg fått av PrinsesseFrøet og naboguten. Hørte dei kviskra og planla overrekkinga. Stille på lette bein sneik dei seg innpå FrøMammo som låg og grov i eit blomebed.
stolte då FrøMammo ba om å få lov å ta bilde av dei. Spurta deretter avgårde - måtte jo lage ein bukett til farfar og!

Helga har vore god. Sol og varmt. Litt meir skya og litt kjøligare i dag, søndag, men fint og mildt likevel. Ute har det vore ein eksplosjon denne helga! Mens FrueFrøet tok ein kopp kaffe vart bjørka grøn!

Mellom hagearbeid, så vart det tid til ein kaffekopp med naboane. Laga "Mormors Grokake", saftig og god!!!

Det "største" som hendte denne helga var at både NaboFrua og FrøPrinsen ramla uti hagedammen (til NaboFrua)! Kan bli ei lito utfordring den der dammen - Må snart ha 10 par støvlar og likemange par joggesko dersom FrøPrinsen skal vere tørr på beina...

Planar denne veka: Symøte, gjere vår-rufs i sandkassen (den er full av furunåler), kalke (har høyrt at det skal hjelpe mot brunsneglar (har allerede funne to....usj!), sy fleire dongeri-trekk til hageputene, luke i ulike bed, planlegge steinmur (håpar å begynne på denne til helga!!) og planlegge trappa... Ja også rydde i garasjen, skifte dekk (kjører piggfritt og må ha nye dekk til vinteren igjen - derfor litt treg...) stelle syklar og sykkelvogn. Og så skulle bunaden til FrøPrinsesso vore fiksa på! Puh!

Har vel egentlig ikkje tid til å gå på jobb?!!!

Jo så var det hagemøblane - dei skal jo vaskast og malast...

Planar eller ikkje - ønsker alle ei knallfin veke - og god lang helg!

(Her blir det lite tid til å blogge, men mykje å blogge om... :o)

lørdag 25. april 2009

Avispotter, miljøbidrag og vårlege under!

Avispotter har blitt produsert på ettermiddagstid denne veka.

FrueFrøet fylte dei med jord og samla dei i minidrivhus. Sidan desse skal gravast ned i jorda - og bli til jord, så er det jo ikkje så viktig korleid dei ser ut...I tillegg er gjenbruk av lokalpressa er jo eit miljøbidrag!

...men det hadde vore artig om desse minidrivhusa kom i eit annan fargeutvalg enn KNALLGRØN... Om eg hadde fått tak i desse drivhusa i ein lysare farge (f.eks. kvit, lyseblå, rosa eller lys grøn) så hadde eg garantert kjøpt ei eller anna fransk avis berre for å lage finare avispotter - trur eg...

Gjenbruk av franske aviser er og eit mijøbidrag... Frø har blitt lagt i bløyt og planta leeenge før frukost...

Dagane går unna som berre det! Sikkert litt uøkonomisk tidsbruk innimellom, men jammen er det ikke reint få oppgaver som skal utføras av FrueFrøMammo etter jobb.

Det går godt - og eg har jo valgt fleire av oppgavene sjølv...

Ei av oppgavene er å bære blomar og potter inn og ut.
Om natta "søv" dei på spisebordet i stova. Om dagen kosar dei seg ute på hagebordet etter oldemor Ruth.

2 av 10 ranuklar visar mot og stikk opp av jorda. FrueFrøet ha lova dei god behandling uansett farge (og kryssar fingrane for at dei ikkje er oransje...)
Andre oppgaver som står for tur er male hagemøblar, sy trekk til hageputene (dongeri - fordi det toler mykje, og kan gå i vaskemaskinen når det er søla på dei). Planlegg ellers å få laga ei lang trapp opp til huset, lage mur av store steinar, rydde opp og starte på den fratidige hage-oasen bakom huset...

Frøprinsen er i ferd med å bli stor. Han vil gjerne bestemme kva for kler som skal og ikkje skal på kroppen. Franklin t-skjorta er ein favoritt (det er motiv av skilpadder på ho ... men ingen "Franklin"...)

FrøPrinsen viser gode hage-evner, og er flink til å hjelpe til med vannkanna si. Han spring rundt i hagen og ropar "Mamma, mamma - det er noko her!!!"

DET er gjerne peoner som veks fleire cm om dagen!

- Eller mest interessant; Rabarbraen! Store "kular" som blir til rare skrukkete greier...

FrøPrinsen undrar seg - og kanskje endå meir når FørMammo påstår at dette skal det bli både suppe og graut av!

Denne veka har me forresten fått ei STOR FrøPrinsesse i hus. Det er samme jenta, men ho har blitt så stor. FrøMammo heng nesten ikkje med i svingane - det er sikkert!!

FrøPrinsesso har slutta på SFO og blitt nøkkelbarn. Det er kjempestas!

FrøMammo er lukkeleg over at noboen som er heime i barselpermisjon gjer myje meir enn det som er forventa. Det er uendelig trygt og godt å vite at det er nokon der som ser etter.

No gjenstår det berre for FrøMammo å venne seg til tanken på at FrøPrinsesso framover skal gjere meir av det ho er god på- gå sine eigne veier!

Tilslutt litt FrueFrø status: Kroppen til FrueFrøet har meir energi og overskudd enn på lenge! Trur nesten det er snakk om ca. 8-9 år... minst! Det går så det susar på de på jobb og privat. Rekk og orkar meir enn på lenge. Er tilstades i øyeblikket og søv godt om nettene. Ikkje har det vore snakk om nokon forkjølelse heller dei siste 3 vekene... Det er nesten så det er for godt til å vere sant. FrueFrøet er litt mistenksom. Lurer litt på kor alle forkjølelsane har gjort av seg. Kikkar litt etter om det er ein vegg i nærleiken som ein kjem til å smelle borti snart. Eller om det er ein eller anna meir eller mindre usynlig energitank som snart er tom igjen... Eventuelle medlemsskap på treningsstudio er på vent. Tar steg for steg. FrueFrøet vil avvente litt... det som skjer er rett og slett for godt til å vere sant - kan dette vere resultatet av at ein kirurg fekk lov å skjere hol på frua og "fikse" litt?!?!