lørdag 11. april 2009

Påskeaften...

...her i huset betyr lammelår. I år er det Snekkeren som lagar mat. FrueFrøet har bistått med å skrelle og kutte... Låret litt på ei seng av poteter, gulerøtter, løk og tomater. Dei siste minuttane skal steika toppes med ei blanding av parmesanost, kruspersille, kvitløk, griljermel og olje.
Tilbehøret er heimelaga fløytesaus, rista sopp, dampa grønsaker; brokkoli, blomkål. (Det var umulig å finne rosenkål i butikkane)Dagen starta med at Snekkeren heiv seg avgårde for å handle lekter. No manglar berre litt småtteri før taket på leikehytta er i orden. FrøPrinsesso sto på taket og la takstein!! Det blei skikkelig fint med takstein og takrenner på! Litt innsats neste helg, så er det siste også på plass.

Alt dette blei gjort mens FrøPrinsen tok med seg FrøMammo på handel etter det som mangla for å få på plass middagen i dag. Derfor ingen bilder... men det kjem når siste rest er på plass. I tillegg til å fikse taket på leikehytta, vart det tid til ein liten innsats på rommet til FrøPrinsesso. Sjenken og nattbordet fekk knottar. Nokre "førpremiere-bilder"....
FrøPrinsesso er blitt ein resat til å lese. Barbapapa er pop!
Knottane vart kjøpt inn på Gåver & Leiker i vinterferien.
Kommoden er arva etter Farmor...
...det samme gjeld dette flotte vesle bordet.
Det vart tid til ein kopp te på terassen i dag og! (Det kvite i det fjerne er snø - glad me bur i solhellinga!!!!) Lev Landlig og Hage på kjøkkenstolen ved sidan av meg... Hmmm, skal halde utkikk etter eit lite bord til å ha tekoppen på.Hagen vakna verkelig til live i dag!!!!

Får nyte desse herlige krokusane. Dei står ikkje lenge, men er så velkomne! Skal plante fleire til hausten. Skal ha nokre under syrinane saman med snøklokker.FrøBesto og FrøBessen er på påsketur. På oppdrag har dei handla litt for FrueFrøet: To lykter og eit serveringsbrett i samme utførelse skal over fjellet frå denne kjekke butikken.

1 kommentar:

Anonym sa...

Kjære vene! Her var det jo plutseleg kome eit ras av nye innlegg. Akkurat då eg var mindre flink å kikka innom. men no har eg gledd meg over å lesa og sjå bilder:)
Har blitt lite pc på meg i påska, og det er heilt sikkert sunt:)

No e da tebake te striskjorta og havrelefsa igjen.
Klem Wenche