torsdag 4. juni 2009

Begeistringer 2009

FrueFrøet var i Tønsberg i går. I alle fall nesten.

Saman med nesten 3999 andre vart dagen ein litt anna dag på Brunstad Conference Center (BCC). (Wow - for eit anlegg!!!!)



Alle foto: BCC

Alt i alt ein flott dag. Men det vart litt for mykje puppe (patte?!!!), romper og BÆSJ(!!!) for min smak. Mulig eg er litt gammaldags - men eg har ikkje behov for å "krydre kvardagen" med å bruke slike ord... I alle fall ikkje når eg er ute etter eit lite "løft" i jobbkvardagen...

Marco Elsafadi var etter mi meining beste foredragshaldar! Ryddig, strukturert og med eit godt budskap. Kanskje ikkje "kruttet" på nytt - men ei flott stadfesting av gode sannheter! Ønsker han all lykke til med sitt arbeide og prosjektet New Page!!!

Beste "stand in" var Torvald Stoltenberg! Mannen er klok - og deler av sin "etterpå-klokskap"...
Hen er den einaste som har evna til å forlate den raude tråden og likevel levere eit budskap.

Eddie Eidsvåg er litt for rå for min smak - men mannen er ei energibombe og imponerer i det han får til med ungdom som ikkje orkar å følje det straumlinjeforma utdanningsforløpet. All ære til hans Pøbelprosjekt og lykke til med etablering av fleire nye!


FrueFrøet er FrøMamma til ei FrøPrinsesse som kallar seg UteFrø... Det er ingen tvil om evnene! Skarp og dyktig som berre det, men det å finne roen til å lære... hmmm... Tar i mot tips! Det er ikkje for alle laga å sitje stille på skulebenken frå dei er 5-6 år til dei er 25-30 år. Det godt det fins dyktige mennesker som støttar opp om alternative løp inn i eit yrkesaktivt liv!! Røkke klarar seg tydeligvis utan å ha slete ut stolane på Handelshøgskulen...

Bjørn Eidsvåg runda av dagen saman med sine dyktige musikkarar. FrueFrøet likar denne musikken og lar janteloven får fri og syng med med den stamma ho har!!

(Synd at Bjørn Eidsvåg ikkje huska teksten på alle sangane... men det er jo forståelig når hjerta og hovudet (?) låg igjen i Toscana!!! ALL MIN FORSTÅELSE FOR DET BJØRN!!)

Ingen kommentarer: