Viser innlegg med etiketten Kvardagstankar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kvardagstankar. Vis alle innlegg

lørdag 13. mars 2010

Døgnvill...

...det er det FrueFrøet er. Rett og slett døgnvill!
6 timars tidsforskjell heng godt fast i kroppen.
Turen aust gjekk strålande - ingen problem i hele tatt.
Men returen...
Når klokka er 21.00 så seier kroppen TYDELIG i frå om at no er klokka "egentlig" 03.00...
Men klokka blir jo rett og slett ikkje 21.00. Allerede 20.30 er tannpussen vel overstått. Det høgaste talet på klokka som er observert av FrueFrøet denne veka er 20.58....
Om morgonen er det noko enklare. Om ein vel å sjå det på den måten. 05.15 har det lyst i mot augo kvar einaste morgon. Med unntak av fredag då det sto 04.45. Og så i dag tidleg då, med 05.39 - så det er jo bedring på gang. Får ein tru. Ellers så er jo SOMMARTIDA rimeleg nær. Siste helga i mars. To veker til, så er alt på plass.
Det er nesten så FrueFrøet håpar at det heng i såpass lenge
-for å sleppe å stå opp ein time tidlegare enn det som er vanleg...
Hmmm...

Wikipwdia: Jetlag (eller døgnvillhet) er et uttrykk for den fysiologiske reaksjon som inntreffer, når man endrer kroppens døgnrytme, som f. eks ved skiftarbeid eller ved å reise gjennom flere tidssoner ved fly. Jetlag er en døgnrytmeforstyrrelse av ikke-kronisk type.
Reisebrev kjem - straks denne PC'en er villig til å lese inn bilder frå kamera.
Det er litt tekniske utfordringar i kvardagen.
I kveld er det ut i 7års dag - eller kveld og kveld Fru Blom. Me skal være der kl. 17.00.
Og det passar nok bedre enn vertskapet anar...

søndag 24. januar 2010

Full kontroll...

blir det visst aldri i ein famlie?! No når FrueFrøet nesten var på høgda, så rakna det - igjen. Nesten alle gjeremål og planar var nett slik FrueFrøet ønske seg. Så spora alt av; to oppkast sjuke SmåTroll og ei allerede på felgen MammaDame. Akkurat som om lufta gjekk ut or ballongen. FrueFrøet har sove og sove. Time etter time. Diagnoen er ukjent. Ikke de same som SmåTrolla , det er sikkert. Frua har lånt ei handsrekning til SjukePleiarSnekkeren. Vaska noko av sengekleda og handdukane som gjekk med natt til søndagen. Og så sove meir. Sånn har no helga gått... FrøPrinsen har delt ut svineriet til FrøBesto. FrøPrinsesso vart dårleg på overnatting hos MinsteStoreBroren... Me håpar dei slepp unna der i garden!!!
Sjølv om det nære er nærast og tek mest plass - perspektivet og ståa er ikkje verre enn at alle dei heimlause og skadde på Haiti opptek mange av tankane om dagen!

søndag 29. november 2009

Kong Vinter

...er på veg.
foto: ute på "terassen" sist vinter
I følge yr.no skal det komme 20-25 cm snø første veka i desember.
Hmmm...
Har litt utearbeid som gjenstår.
Må sikre drenering bak ein nylaga mur.
20 meter lang!
Vil helst unngå at isen ødelegg!!
Og eg som allerhelst vil vere inne og lage adventskos...
Er det forresten nokon som kan fortelle
kor i all verda FrueFrøet har lagt lysa til "julegrana" (smaragd-tuja)?
Dei skulle vore tent no...
Psst! Om du skulle lure - daten med Jif Vindu er ikke over - enno. Daten har "utvikla" seg... Lilleborg er sterkt inne i bildet... Det er jo litt godt å gå slik å pusle med vaskefilla òg. Det dukkar opp utruleg mykje som FrøFamilien slett ikkje har bruk for! Og no skal det UT!
Det dukkar opp mange tankar også! FrueFrøet er ekstra kreativ når det ikkje er tid til å vere kreativ...

tirsdag 10. november 2009

Abonnement?

Akkurat no lurer eg på om det er mulig å få ordna eit abonnnment hos denne karen.
FrueFrøet lir av eit slags syndrom som er omtalt av Den Gode Feen.
Har komme til eit stadium der all fornuft forsvinn ca. kl. 23.00

KVAR EINASTE KVELD!!!

Når kroppen allerhelst vil ha 8-9 timar med søvn kvar natt, så er det ein smule optimistisk å legge seg kl..... *eeeh, he,he, kremt* 23.59 ++...
og ha vekkarklokka på 06.05...

(Søte Snille Supre Naboar som evt. er oppe og ammar nattestid:
dåke treng ikkje legge igjen kommentar her for å bekrefte endelig klokkeslett!!)
Kvar kveld ligg FrueFrøet der og tenker at i natt det bli
"PowerSøvn"!
Kvar morgon er tanken:
I kveld skal lyset av kl. 22.00!

Om Jon Blund er vanskelig å få tak i, så får FrueFrøet kanskje prøve seg på denne?
I kveld skal alt bli så mykje bedre
- trur eg...!

mandag 28. september 2009

Testing av sofa

Denne er flott!


Slettvoll Dorian
Og denne liknar pittelitt, og kostar mykje mindre...


Ikea Stockholm

Denne begynner nesten å bli like "vanlig" som...


Englesson Howard

...denne...

Ikea Ektorp

FrueFrøet tar pause.

Mulig at det blir prøving av eit-par-tre sofa underveis.

Ikke for noko anna enn nettopp det å gjere ting som er ganske så uvanleg for FrueFrøet.

Sofa-prøving er ein sjeldan ting...

Museumsbeøk også. Treningsturar... hmmm... vindusvask... (stryk den siste!!!!!!)

I alle fall: Det trengs andre og nye impulser.

Mental detox-kur... Først ein liten haustferie med familien. Så klar for nye impulsar.

Har hoppa - med begge beina!

Er i svevet-og har foreløpig ikkje nokon ny landingsplass...

------------------------------------------

Det går hit, det går dit, det går rundt ein liten bit no om dagen.

Eg har sagt opp jobben, og leitar etter nye utfordringar (nye måtar å tjene pengar på...)

Eg ville ikkje lenger delta i prosessar som ikkje uttrykte sannhet og realisme, og der ansatte ikkje vert behandla med respekt! Eg kjenner ikkje på at eg har vorte spesielt dårleg behandla, men innsåg at ny ledelse ville komme til å bli ei altfor stor utfordring. Det er rett og slett ikkje alle ein kan samarbeide like godt med. Når avstanden blir for stor, er det bedre å finne på noko anna. Altfor lenge har det ikkje vore morro å gå på jobb.

Drømmejobben er ein jobb eg gler meg til å gå tilbake kvar dag når eg går heim!

Leiter opp og ned ulike stillingsannonser, og tenker aldri så lite kreativt ved sidan av... så var det dette med motet... skal ein våge å gjere noko heilt, heilt anna?

Som økonom så er det jo veldig skummelt - veit jo om "alle" vanskane FØR dei gode ideane har fått utvikle seg... Og er dei i grunn så veldig gode...?

tirsdag 22. september 2009

Drager og slikt

Av og til ønsker FrueFrøet at "mareritta" handla om drager og slikt.
Drager er så greie. Dei må berre lurast inn i fella og drepast.
Svisj-svusj-ferdig!
Oppdatering: "mareritta" = tankane i tankeprosessen... Hadde vore kjekt å fått avvikla nokre av dei litt raskt...

onsdag 9. september 2009

Tankeprosessen...

...er godt i gang.

Fredag var slutten på dette livet så langt - i dag begynner det nye!
Søknad skal sendast. FrueFrøet vil ikkje lenger tilby sin kompetanse for "døve øyre". Desse "øyrene" vil i tillegg ha det til at FrueFrøet har sagt og meint både det eine og det andre som ikkje er tilfellet. Og denne "informasjonen" blir publisert i ope fora...

Det finn ikkje FrueFrøet seg i!
Ei heller står FrueFrøet stille og høyrer på åpenlys negativ omtale av andre. Tydelig tilbakemelding er gitt!
I ei tid då fokus skulle vore på viktige oppgaver, går store ressursar med til å stable på beina motivasjon. "Øyrene" bli til "tidstjuv" - indirekte og direkte.
Arbeidslivet har tatt ei uventa vending etter at sommarferien var over. Kroppen - både over, i og under halsen - seier ifrå om at dette kan ikkje fortsetje i all evighet. I høgda nokre veker til...
Om FrueFrøet er konfliktsky? Hmmm... konklusjonen er heilt i tråd med det som er diskutert med gode venner og kollegaer, Snekker og fastlege. Det er også i tråd med denne artikkelen. Her verken kan eller skal FrueFrøet vere lenger. Så enkelt og så vanskelig...

Derfor er denne dagen den første. Den siste er over.
Dette er den første dagen i FrueFrøet si framtid.

Den tanken er god - den tanken skapar oppdrift og krefter... og usikkerhet...

Fram til nye utfordingar er på plass og inntektssida av kontoutskrifta har annan tekst, så har gla'skapen tatt overhånd, og det er kjøpt inn vinger frå Panduro. Desse skal brukast på jobb... for å servere "bevingede ord"...
Det er oppdrift og krefter i humor også!

Som ei lita helsing til ledere av i dag - et sitat:
”Ledelse handler ikke om å ha flest mulig mennesker under seg eller flest millioner å passe på. Ledelse handler om å få det beste ut av medarbeidere, om trofasthet, klokskap og dristighet, om å være hengitt til et oppdrag og glad i de menneskene man jobber sammen med.”
(Magne Lerø, redaktør i Ukeavisen Ledelse (Om Marit Breivik og legger til: ”Hun har i en årrekke vist at hun er en trener og leder av første klasse)).

Bildene er frimodig lånt på nettet... Beklager at FrueFrøet ikke er korrekt i forhold til kildehenvisning.

lørdag 13. juni 2009

Peoner

Peonene blømer i FrøHagen.
Først ute kvart år er denne med rosa fylte blomar.Navnet har eg ikkje...
Då FrøFamilien flytta hit for 3 år sidan, vart ei lita rot av denne med på lasset...
Peona er planta i ein skråning ved adkomsten til huset
og dei store i FrøHeimen treng berre bøye seg så vidt med for å kjenne den herlige lukta...
Neste pion i blom er denne...
som også er utan navn...
No skal FrueFrøet kose deg med å lese dette bilaget til InteriørMagasinet frå 2004.

Her står det masse om peoner og syriner!

Magasinet er lånt frå hagebiblioteket til FrøBesto. Ho må nok rekne med å spørre etter det for å få det flotte magasinet tilbake før jul...
Ønske alle ei herlig junihelg - med eller utan regn!
I morgon skal eg vere med på ein ryddejobb. Der skal det visst vere litt blått å finne... Nesten som å vere på gratis loppemarked... Seier ikkje meir. Kjem tilbake med bilder!!

torsdag 11. juni 2009

Sommarinnspurt

No om dagen er det meir bruk for paraply enn hagemøblar.

Dermed så gjer det egentlig ikkje så mykje at hagemøblane står umalte i garasjen...

Dei blir nok ikkje like innbydande som denne kvite benken fra Country Living.
FrueFrøet drømmer om å få anskaffa noko vedlikehaldsfritt som denne gruppa frå brafab.

Med litt andre puter og litt anna tilbehør...

Ellers så går dagane som ein røyk! Denne veka har/er desse aktivitetane lista opp på kalenderen etter arbeidstid:

Musikkøvelse for FrøPrinsesso, 4 sommaravslutningar for Snekkeren, 1 sommarfest i barnehagen for store og små i FrøHeimen (FrueFrøet baker og er med og arrangerer), 1 Syklubb-kveld for FrueFrøet og 1 bursdaginvitasjon til FrøPrinsesso... før me kan ta helg og finne fram joggesko, hageredskap og malarkost!
Sidan dette er ei slags dagbok for kvardagslivet i Frøheimen sett med augo til FrueFrøet, så må det leggast til at 3 av 4 i FrøFamilien er på pensilinkur i denne runden. Streptocokkane er seige. FrøPrinsen vart kurrert i forrige runde, men FrøPrinsesso måtte i gang igjen saman med dei to store Frøo. Blir fryketlig trøtt av slike kurar! Når dei store Frøo i tillegg er fryyyyktelig dårlig på å navigere mot senga om kvelden og FrøPrinsesso ikkje klarar å ligge stille i senga si fordi me "skal-berre...", så blir resultatet lett raude augo og tørr munn... og ein smuuuule dårlegare konsentrasjon enn ellers. Som f.eks. då FrueFrøet i går bakte ein stor porsjon Rabarbrakake (oppskrift x 3 til Sommarfesten i barnehagen) og rørte smør og sukker kvitt i staden for å smelte smøret... og gløymte bakepulver ... 6 ts for å vere nøyaktig... resultatet kan kanskje kallast ein krysning av langpannekake og pai?!!! Rekk ikkje å lage ny...

Nok ein gong er me lykkelige og evig taknemmelige mottakarar av FrøBesto si omsorg og tid for å få kvardagskabalen til å gå opp!
Korleis er det med deg? Har du det like travelt no, som oppunder jul?...
FrueFrøet stortives med å ha det slik - for ein kort periode vel å merke!
Og snart er det ferie!!! Om 5 veker er det 4 veker med FRI!
OPPDATERING: Sommarfesten i barnehagen gjekk strålande! Fekk masse skryt for rabarbrakaka. Då eg endelig skulle ta ein liten smaksprøve var det tomt!!
Ellers så er aktivitetslista denne veka er utvida med 1 stk. 50 årsdag på lørdag!
Snekkeren og FrøFrua gler seg STORT! No studerer me yr.no og vurderer sykkel som transportmiddel. Me er bortskjemt med god mat og drikke når gode venner møtes på dette kjøkkenet...

tirsdag 9. juni 2009

Kiloprisen...

Foto: google...
... på FrueFrø er kr. 1.000,-
FrøFrua ha funne fram joggeskoa. For kvar kilo som forsvinn, så blir det 1.000 kroner meir på kleskontoen. Og det trengs! Med kyndig ekstern bistand (frå JoggeFrua) så har klesskapet blitt tømt... Det var ikkje mange plagga som kom gjennom nålauga (les. = verdig å henge på ein FrueFrø-kropp) og fekk lov å forbli ein del av garderoben. Nesten ekko inne i skapet no om dagen. Innhaldet i skapet stemmer visuelt med den sterke panikk-følelsen av at
eg-har-jo-ikkje-noko-å-ha-på-meg!!!

Om nokon syns at kr. 1.000,-pr kilo ikkje er så rare summen pr kilo Frue, så husk på at det kun er snakk om frue-avfallet...(*ha, ha*)!

TVI-TVI til meg sjølv!

...det trengs...

torsdag 4. juni 2009

Begeistringer 2009

FrueFrøet var i Tønsberg i går. I alle fall nesten.

Saman med nesten 3999 andre vart dagen ein litt anna dag på Brunstad Conference Center (BCC). (Wow - for eit anlegg!!!!)



Alle foto: BCC

Alt i alt ein flott dag. Men det vart litt for mykje puppe (patte?!!!), romper og BÆSJ(!!!) for min smak. Mulig eg er litt gammaldags - men eg har ikkje behov for å "krydre kvardagen" med å bruke slike ord... I alle fall ikkje når eg er ute etter eit lite "løft" i jobbkvardagen...

Marco Elsafadi var etter mi meining beste foredragshaldar! Ryddig, strukturert og med eit godt budskap. Kanskje ikkje "kruttet" på nytt - men ei flott stadfesting av gode sannheter! Ønsker han all lykke til med sitt arbeide og prosjektet New Page!!!

Beste "stand in" var Torvald Stoltenberg! Mannen er klok - og deler av sin "etterpå-klokskap"...
Hen er den einaste som har evna til å forlate den raude tråden og likevel levere eit budskap.

Eddie Eidsvåg er litt for rå for min smak - men mannen er ei energibombe og imponerer i det han får til med ungdom som ikkje orkar å følje det straumlinjeforma utdanningsforløpet. All ære til hans Pøbelprosjekt og lykke til med etablering av fleire nye!


FrueFrøet er FrøMamma til ei FrøPrinsesse som kallar seg UteFrø... Det er ingen tvil om evnene! Skarp og dyktig som berre det, men det å finne roen til å lære... hmmm... Tar i mot tips! Det er ikkje for alle laga å sitje stille på skulebenken frå dei er 5-6 år til dei er 25-30 år. Det godt det fins dyktige mennesker som støttar opp om alternative løp inn i eit yrkesaktivt liv!! Røkke klarar seg tydeligvis utan å ha slete ut stolane på Handelshøgskulen...

Bjørn Eidsvåg runda av dagen saman med sine dyktige musikkarar. FrueFrøet likar denne musikken og lar janteloven får fri og syng med med den stamma ho har!!

(Synd at Bjørn Eidsvåg ikkje huska teksten på alle sangane... men det er jo forståelig når hjerta og hovudet (?) låg igjen i Toscana!!! ALL MIN FORSTÅELSE FOR DET BJØRN!!)