søndag 19. juli 2009

Stor pantetjuv og liten anleggsgartnar

FrueFrøet er glad i lavendel.
Draumen er ein blå "hekk".
I dag har FrueFrøet vore på Lavendel-slang.
I innkjørselen til FrøBesto vaks det mange fine små lavendelplanter.
Alle som ein hadde dei frøa seg, frå naboen sine flotte blå lavendel-planter.
No er dei planta i sinkbaljar heime i FrøHagen.

Etter ei stund i desse baljane er håpet at dei ha vakse seg noko større, og kan plantast ut!

Forrige helg vart det rufsa bakom huset.

Godt å ha med gode fagfolk...

FrøPrinsen forsto at her var det kjekt å delta, og heiv på seg jobbe-kler...

Egentlig ikkje så godt å sei kva som er FØR og ETTER bilder...

(bildet over er altså ETTER-bildet!)

Må nok rekne med å spa ned nokre planter til ja. Og 10-12 planter kvart år nokre år framover...

Så langt er det altså planta ut 3 vilvin, 2 eføy, 5 klatreroser, 3 klematis og 2 ulike bjørnebær. 15 planter i heile skråningen, og så visar dei ikkje igjen... Ja, ja: "Rom var'kje bygd på ein dag..." og ei rose og ein eføy ventar på å komme i jorda....

Det er første gong eg har planta frå stige... var heilt "av" i føtene etterpå.

Og om du skulle lure på korleis me har tenkt å få barken til å ligge: men skal ikkje ha bark. Duken får berre ligge der i fred i nokre år. Planen er å fjerne duken om nokre år, og la plantene utfalde seg fritt...

Heile to turar til gjenvinngingstasjonen med overfylt hengar med hageavfall måtte til før det såg slik ut...Godt det er frodig andre stader i hagen, mens me ventar på at det skal gro til bakom huset...

Ingen kommentarer: