lørdag 19. desember 2009

Landingsplass...

Ny landingplass til småfuglane er på plass!

Til tider er det trangt om plassen.

Herlige Trultemor sendte denne gåva over fjellet!
TUSEN TAKK SNILLE DU!!
(FrueFrøet har fått lov av Trultemor til å opne gåva på forskudd altså!)
Såååå fin dompapp!!! Blei så glad at det kjennes i magen!
Det vesle metallhjerta var nydelig - veit nesten ikkje kva eg skal sei...
(Ei lito helsing er under produksjon. Nummer to etter ei lito helsing til Katarina...
som sikkert og set og lurer på kva som skjer hos FrueFrøet...)

Sjå kor fint dompappen passa landingsplassen *smil*

Det er ikkje berre fuglane som har fått ny landingsplass.
FrueFrøet har via vikarbyrå fått ny LandingsPlass. Sånn på dagtid.
Beste julegåva i år er å stå opp og komme seg avgårde til prosjektcontrollerjobb!
...litt mindre kjekt er det at i frykt for å vere utan noko å gjere på før etter jul ein gong, så har FrueFrøet satt i gong en masse små og store prosjekt i hus og hage...
Alt me eig og har ligg midt på golvet og ventar på sortering...
Planen var å ha ein skikkelig gjennomgang av som skulle få lov å bli, og kva som skulle vekk...
No er nødplanen å stappe alt tilbake, vaske huset, pynte juletre
og bake pepperkakehuset - for det har me heller ikkje rukke...
(kvifor tek det då dobbelt så stor plass som før?!?!!)
Så her set altså FrueFrøet med herlig julestemning
og eit stort smil om munnen - midt i rotet og kaoset!
I kveld tjuvstartar me julekvelden.
Skal til verdens beste naboar på taco. Med i sekken er gaver til ungane.
Dei opnar me på plassen, så kan dei takke for gåva der og då.
Erfaringa seier at det blir mange nok gåver på julekvelden...
Får hive meg rundt - kaoset ventar og ungane skal ha mat dei og - ikkje berre småfuglane.

2 kommentarer:

Trultemor sa...

Så fint fuglabrett du har:))
Kjekt at dompapen har funne seg ein landingsplass der aust

Så kjekt at du og har funne deg ein landingsplass og, men gjekk litt skit med alle "prosjekto" dine då;)

Her snør da vannrett no, litt sluddaktig, men da e visst lovt kaldare, så da e absolutt eit håp om ei kvit jul!!!
Eg nyter det:)

No må eg finna vaskebøttå, har ikkje akkurat vore så effektiv idag, men har iallefall bytt på sengene...
Trur nok den store pyntedagen blir imårå:)
Ha ei kjempefin helg!

Stor klem:)

Anita sa...

Uff, lenge sidan eg har vore innom deg no. Her er det begynnt å bli skikklig julestemning ihvertfall,og det ser ut som du er i rute.Koselig.
Her vest dalar snøen ned, sikkert mellom 15 og 20 cm. "Alle" er elleville og fornøyde, og litt julastemning siger inn hos meg også. God jul til deg og dine.