Ny landingplass til småfuglane er på plass!
TUSEN TAKK SNILLE DU!!
(FrueFrøet har fått lov av Trultemor til å opne gåva på forskudd altså!)
Såååå fin dompapp!!! Blei så glad at det kjennes i magen!
Det vesle metallhjerta var nydelig - veit nesten ikkje kva eg skal sei...
(Ei lito helsing er under produksjon. Nummer to etter ei lito helsing til Katarina...
som sikkert og set og lurer på kva som skjer hos FrueFrøet...)
Sjå kor fint dompappen passa landingsplassen *smil*
FrueFrøet har via vikarbyrå fått ny LandingsPlass. Sånn på dagtid.
Beste julegåva i år er å stå opp og komme seg avgårde til prosjektcontrollerjobb!
...litt mindre kjekt er det at i frykt for å vere utan noko å gjere på før etter jul ein gong, så har FrueFrøet satt i gong en masse små og store prosjekt i hus og hage...
Alt me eig og har ligg midt på golvet og ventar på sortering...
Planen var å ha ein skikkelig gjennomgang av som skulle få lov å bli, og kva som skulle vekk...
No er nødplanen å stappe alt tilbake, vaske huset, pynte juletre
og bake pepperkakehuset - for det har me heller ikkje rukke...
(kvifor tek det då dobbelt så stor plass som før?!?!!)
Så her set altså FrueFrøet med herlig julestemning
og eit stort smil om munnen - midt i rotet og kaoset!
I kveld tjuvstartar me julekvelden.
Skal til verdens beste naboar på taco. Med i sekken er gaver til ungane.
Dei opnar me på plassen, så kan dei takke for gåva der og då.
Erfaringa seier at det blir mange nok gåver på julekvelden...
Får hive meg rundt - kaoset ventar og ungane skal ha mat dei og - ikkje berre småfuglane.


















