Viser innlegg med etiketten FrøPrinsen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten FrøPrinsen. Vis alle innlegg

lørdag 30. januar 2010

Knerten gifter seg - og FrøPrinsen bakar rundstykker

Onsdagar hos FrøBesto er HimmelRiket for alle med små skostørrelsar.
Når FrøPrinsesso er på skulen,
(og ikkje skal ha FrøBesto sin oppmerksomhet på syrommet)
så er det FrøPrinsen som er i fokus.
Etter å ha gjenfortalt filmen om Knerten,
så vart det litt prat om at
Knerten skulle gifte seg.
FrøPrinsen og FrøBesto gjorde gjenbruk av JulaTreet - for tenk midt på ei grein der var nemlig Knerten! Han måtte berre spikkast fram! Og midt på ei anna grein, var kjæresten hans!
(Men tenk at håret hennar låg på syrommet til FrøBesto!?!)
Og så blei han like så greit gift med det samme...!
Etter at Knerten "blei gifta" (sistat FrøPrinsen), så var det i gang med baksten.
Oppskrifter var det ikke bruk for meinte FrøPrinsen
og heiv oppi litt av det eine og litt av det andre!

FrøBesto var inne og justerte litt....
Rundstykkene vart KnallGode - og oppskrifta vart cirka sånn her;

FrøPrinsen sine Beste Rundstykker

0,5 l mjølk
3 ss olje/smør
gjær (1 pk tørr)
2 ts sukker
0,5 ts salt
1 dl havrekli
1 dl havergryn
4 dl sammalt rug
ca. 5 dl kveitemjøl

225*C, 10-14 min.

Nydelige med brunost på - og te i koppen!

fredag 20. november 2009

UFO-fisk

Ein UFO*-fisk er ferdig.
FrøPrinsen treng ikkje vere kald på øyrene lenger
(*UFO = UFerdrighåndarbeidsObjekt... og dei er det mange av i FrøHeimen....)

Endelig fekk hua fòr av mjuk fleece.
Ull KLØR - nemlig!

Ull klør faktisk så mykje at det vart FrøPrinsesso måtte stille som fotomodell.
FrøPrinsen nekta - han var slett ikkje sikker på at det ikkje klødde lenger...

Inspirasjon til FiskeHatten kjem frå denne sida...



Gratulere med dagen til alle SUPRE, søte, snille og kjekke jenter som er 34 år i dag!



God Helg til alle dei som er innom!
No skal FrueFrøet forsøke seg med vaskebøtta...
Litt halvslapp veke det her. "Uggen" i kroppen. Ikkje sjuk, men heller ikkje i toppform...
FrøPrinsen har lege på sofaen... Han har hatt feber og "vondt i foten og resten av kroppen".
Ute har me hatt beøk av "Miche".
Etter 2,5 veker er snart trapp, murar og innkjørsel på plass!
Bilder kjem!!!


OI!
Her er det visst 1 års dag også i dag.
Bloggen er 1 år på dagen i dag!!!!
Guri kor tida har gått!?!
...skulle vel egentlig har feira litt...?