Viser innlegg med etiketten Vinnarlykke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vinnarlykke. Vis alle innlegg

mandag 5. april 2010

Betty Needle Vottar - og påsketur...

Like før PostMannen tok påskeferie,
dumpa pakken ned i postkassen.

VotteTjuven - også kalla FrøPrinsesso - vart jublande glad!
Men det spørs - vottane var nemleg heilt perfekte til FrueFrøHendene!
Nydelige i grå ull
- med herlig HjerteOverraskelse
i ceriserosa og kvitt - fora med den mjukaste fleece!
DEILIGE - rett og slett!

Stikk innom Betty Needle og sjå - den dama kan sy - det er heilt sikkert!!!!

1000 takk Elisabeth - Betty Needle!

Psst! Votte-sesongen er ikkje heilt over! Her har sykkelen blitt vaska og klargjort. No venta 7-8 km sykkeltur til (og frå) jobb kvar dag. Med kalde morgonar, er desse perfekte!

I dag - siste fridag denne påska - var vottane med på bytur.
Tenke dei kunne gjere seg litt kjente...
Dei skal jo finne veien til desse kantar 5 morgonar i veka framover...
(Ja - FrueFrøet har høge ambisjonar - skal sjekke yr.no litt seinare i kveld - spørs om det blir ei aldri så lita justering på sykkelplanane då... men vottane kan sikkert kjøre bil og dei!!!)
Den "skjeive" Y-brua (Ypsilon) er eit kjent landemerke i "byen vår".
I går var det sykkeltur saman med FrøPrinsen og Snekkeren
- med "appelsin-og-Kvikk-lunch-pause" på akterenden av Helianthus.
I dag var det JenteTur. Planen var å gå på Galleri Athene og sjå på Thomas C. Chung sine strikka sukkertøy...
DrømmeKunst for små damer som kosar seg med små handarbeid!
Galleriet var stengt - kafeane var opne!!!
VårShoppinga er "klar-ferdig-planlagt"
- etter ein herlig rusletur rundtomkring...
Den planlagte PåskeTuren vestover vart utsatt pga. sjukdom.
Me har kosa oss heime i staden -
med massevis av påskegotteri og nydelige middagar
saman med kjente og kjære!

lørdag 30. mai 2009

Vinnerlykke - tilbakeblikk I

I mai hadde eg vinnarlykke hos Anniche - Annas Rom.
Denne flotte gaven dukka opp i postkassa vår.
Inni låg ein nydelig topp frå container.
Hos Annas Rom har dei masse fint frå denne leverandøren...
og massevis av andre lekre ting!!!
FrueFrøet driv snik-planlegging av sommarferien. Det bør bli minst eit stopp i denne butikken... om eg ikkje då rekk å få eit i juli og eit i august!
Toppen var perfekt til FrueFrøet.
(Her i huset prøver me å bli kvitt Janteloven...)
Denne har blitt ein favoritt!
1000 takk til Anniche!!!

No har du sjangsen til å vinne juni gaven hos Annice - Annas Rom.
Eit nydelig smykke!!! Tvi-tvi!