Viser innlegg med etiketten Fantastiske stunder. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fantastiske stunder. Vis alle innlegg

mandag 5. april 2010

Betty Needle Vottar - og påsketur...

Like før PostMannen tok påskeferie,
dumpa pakken ned i postkassen.

VotteTjuven - også kalla FrøPrinsesso - vart jublande glad!
Men det spørs - vottane var nemleg heilt perfekte til FrueFrøHendene!
Nydelige i grå ull
- med herlig HjerteOverraskelse
i ceriserosa og kvitt - fora med den mjukaste fleece!
DEILIGE - rett og slett!

Stikk innom Betty Needle og sjå - den dama kan sy - det er heilt sikkert!!!!

1000 takk Elisabeth - Betty Needle!

Psst! Votte-sesongen er ikkje heilt over! Her har sykkelen blitt vaska og klargjort. No venta 7-8 km sykkeltur til (og frå) jobb kvar dag. Med kalde morgonar, er desse perfekte!

I dag - siste fridag denne påska - var vottane med på bytur.
Tenke dei kunne gjere seg litt kjente...
Dei skal jo finne veien til desse kantar 5 morgonar i veka framover...
(Ja - FrueFrøet har høge ambisjonar - skal sjekke yr.no litt seinare i kveld - spørs om det blir ei aldri så lita justering på sykkelplanane då... men vottane kan sikkert kjøre bil og dei!!!)
Den "skjeive" Y-brua (Ypsilon) er eit kjent landemerke i "byen vår".
I går var det sykkeltur saman med FrøPrinsen og Snekkeren
- med "appelsin-og-Kvikk-lunch-pause" på akterenden av Helianthus.
I dag var det JenteTur. Planen var å gå på Galleri Athene og sjå på Thomas C. Chung sine strikka sukkertøy...
DrømmeKunst for små damer som kosar seg med små handarbeid!
Galleriet var stengt - kafeane var opne!!!
VårShoppinga er "klar-ferdig-planlagt"
- etter ein herlig rusletur rundtomkring...
Den planlagte PåskeTuren vestover vart utsatt pga. sjukdom.
Me har kosa oss heime i staden -
med massevis av påskegotteri og nydelige middagar
saman med kjente og kjære!

søndag 18. oktober 2009

SøndagsFrukost

I dag fekk både sølvbestikket
og dei blå tallerkane komme på bordet til frukosten
i FrøHeimen.
Om du skulle lure; Ja - maten smakte ekstra godt!
Det blir nok ikkje lenge til neste gong det blir dekka litt ekstra fint...

FrueFrøet er glad i blått, og den gamle te-kanna frå Sia
har fått lov å komme ut av skapet den også.
Det hastar plutselig ikkje så veldig med å få tak i lyseblå vannkokar...
Men jakta på blå koppar er intensivert!!!
Koppar er å finne båder her og der og rundtomkring ...
Hmm - det hadde vore kjekt om det var muleg å finne dei litt nærmare.

Her aust er det herlige haustdagar med strålande sol!
Ute venta FrøHagen på nødvendig assistanse...
Lite har vore utretta på langt over ein månad.
Etter dagen i dag er ca 1/3 av hagen klar for vinteren...

Planar for veka som kjem:
Jobbsøk!!!
Gitar-blogginnlegg
Voksi-pose-prosjekt
Båt-vask
Bil-vask
Hus & Kles - vask...
Maling av vindus-sprosser
Div. rydde-prosjekt
Rense takrenner for lauv og barnåler

søndag 20. september 2009

Nysgjerrige Nils...

...har ein fetter.


Fetteren har flytta inn hos oss.
I natt overnatta han ute på hustaket.

Han berre hoppa opp når han spratt litt - og så landa han oppå hustaket. Men i dag tidleg hadde han "spretta" ned på steinane og ned på leikehytto. Så han har nok sove litt inne i leike hytto og - ikkje berre ute på taket. I alle fall ikkje heila natto!

Han er fortsatt spretten. Alt er heilt sikkert og skikkelig sant!


Og før frukost - og før regnet kom - så var FrøPrinsen ute og henta Sjynerrige Nils. For han hette nemlig Sjynerrige Nils - og han er fetteren til Nysgjerrige Nils.


Historien er omtrent slik FrøPrinsen serverte den med strålande augo og glede i stemmo ved frukostbordet søndagsmorgon.


Søndagskvelden ba FrøPrinsen om å få to tomater. Han ville visa noko. FrøPrinsesso hadde ete opp dei siste, så då skulle han gjerne hatt to oliven med kvitløk i staden. Etter litt utspørring fant me ut at det ikke var så lurt å servere fleire oliven...

FrøPrinsen ville bruke olivenane til å vise at han kunne pensjolere.

Han kan det veeeeldig godt med steinar - for det har han gjort mange gonger i barnehagen.


Avtalen med FrøMammo er at no må det produserast små tøyballar med ris i. Planen er å øve vidare for å bli ein ekte klovn. Alle klovnar er nemlig ganske gode på å pansjolere ballar og sånt... FrøPappen og FrøMammo fekk seg eit fint kveldsshow i opninga mellom stova og kjøkkenet. ...kamera var sjølvsagt ikkje innan rekkevidde...

onsdag 19. august 2009

38 & 9...


38 & 9 år er omme...
FrueFrøet har runda 38 i dag. Snekkeren og FrueFrøet har delt ekteskap i 9 år!
FrueFrøet kjenner seg både ung og nygift...
Det fine kjede var gave frå Snekkeren, FrøPrinsen og FrøPrinsesso.
FrueFrøet mistenker at sistnevnte hadde ei sentral rolle på shoppingrunden...
God smak, Go'jento mi!
Takk for besøk, gaver, telefonar og sms! Kjempeglad for alt saman!
...og no er eg vel snart gammal nok til feire alle bursdagane mine?
Det kjem fleire blider, men det var problem med opplastinga i kveld.

torsdag 6. august 2009

Breakfast at Tiffany's


FrueFrøet øydelegg sjønnhetssøvnen med å sjå denne herlige filmen leeeenge etter normal leggetid for FrueFrø...

FrøPappaSnekkeren har tatt to elleville FrøBarn med seg på fjorden. Der nyte dei sola og badelivet.
Her heime kosar FrueFrøet seg med heile huset for seg sjølv!

DøgnPrisen? Husvask i makelig tempo...


Og no er det ut til nærmaste frisør for å reparere litt. Pga. manglande sjønnhetssøvn.

Har ellers fått i orden mi eiga julegaveønskeliste: les her....

I kveld er det denne som skal skli erobre skjemen:
Også i denne filmen vil blikket kvile på flotte kjolar!

tirsdag 4. august 2009

Blått ver og blå bær...

Feriedagane har blitt til ferieveker. Tida går altfor fort!!!
Veret har vore litt for vått til at me kallar det knallfin ferie...så langt...
Ungane er finke til å "finne på". I dag fant dei på å lage blåbærsaft ute i skogen.
Manuelt arbeid i heile prosessen: handplukka, handsmosa og til slutt; ete direkte frå handa.
(FrøPrinsen gjekk litt motvillig med på at "Pinky-genseren" måtte på vask - mindre enn 4 timar etter at den kom nyvaska på kroppen...)
I går fekk ungane litt FrøBestoTid. Då vart det bada i bassenget medan regnet ausa ned. Kjempestas!
Etterpå vart det laga Boysenbærgele. Heldige FrøMammo og FrøPappen fekk smake!!

"Det er pittelitt hemmelig, men ikkje så veldig:

Hos FrøBesto fekk me ete gele med sugerør!"
(sitat FrøPrinsesso og FrøPrinsen)

FrøKusinePrinsesso

Endelig har me fått helse på FrøKusinePrinsesso!
Velkommen er du!
Me gler oss til å bli kjent med deg
vesle venn!

onsdag 22. juli 2009

Ein julidag på fjorden


Ypsilon i solskin.

NaboFadderFang er gode å ha når fiskelukka har uteblitt...

"Sørlands-idyll"...

... i Holmsbu.

FrøPrinsesso fekk fiskestang til bursdagen.

Derfor så måtte me ut og fiske litt!



Eller rett og seltt nyte dagen på fjorden.

Håpar å sjå meit av sola etterkvart. Når det skjer, så skal FrueFrøet rigge seg til på solmadrassa med bøker og strikketøy... Men først tar me med går turen nedover retning Sørlandets skogar og vatn. Saman med Farfar/Oldefar og 4 kjekke store og små gler me oss til hyttetur. Det blir garantert kjøreturar ut til kysten. Håpar å besøke både Kragerø og Jomfruland, Risør med Acanthus og Hødnebø som aktuelle innslag. Ein tur til Tvedestrand blir det nok også. Håpar å få smake MirakelkakaEnglegaard... Om me kjem oss så langt avgårde som til Arendal og Grimstad er usikkert, men der er det jo også nokre kjekke butikkar for 2 x Fruer som har satt opp egen shoppingdagting-å-gjere-i-ferien-lista.


Fekk tips/påminnelse frå ein flott blogg om ein annan ting som også må gjerast i sommar: Besøke Villa Malla! Det får bli seinare. FrueFrøet vil gjerne komme sjøvegen....

tirsdag 21. juli 2009

Mikkel eller Mikkeline?

I FrøHeimen hadde me gjester i går. Både to- og fir-beinte.
FrøPrinsen var i seng. Neste gong skal me vekke han. Kom berre ikkje på det. FrøPrinsesso var DiscoPrinsesse saman med to andre DiscoPrinsesser. Virvla rundt på stovegolvet saman med ein herskare kaniner...
Mitt i Montana/Rybak-konserten hylte PrinsesseKoret: REV! Og jammen var det rev. Tam og roleg som berre det!
Ingen av bildene er tatt med zoom. Slikt fiks-fakseri tenker ikkje FrueFrøet på når muligheten til så stille opp som naturfotograf kjem brått på. Nattfunksjon sa du?!!!??Kasta oss over reven som reine paparazzi. Det blinka og lynte. 5 kamera. 3 i hendene på DiscoPrinsessene, eit i kvar av hendene til Fruene.
Naboane høyrte oss kakkle og kauke. Kom borttil vinduet med store og små for å sjå.
JoggeFrua stakk tom. fram handa... Den var tom - og reven - ja, han stakk vidare. På jakt etter lettvint kost i desse grilltider?
... Mikkel eller Mikkeline? Ikkje gamle kroppen i alle fall. Litt usikker når naturen gjer slik; "Tamme" villdyr? Vil reven kunne klare seg, eller er han avhengig av foring? Noko har vel gjort sitt til at han har vorte så tam. Strauk seg inntil beinet til NaboFrua gjorde han, då ho rasla med kattematen...

mandag 20. juli 2009

Fødselsdag

I natt fekk me tekstmelding. Noko var på gang. Sjukehuset neste stopp.
I dag kom gladmeldinga: Vesle FrøKusina vart fødd i natt. Alt er bra med kusino, mammo og pappen.
ME GRATULERER!
-og gler oss STORT til å få helse på!
Blir artig å sjå korleis FrøFetteren reagerer på å få ei søster. Ikkje store karen han heller. Feira 1-års dag i slutten av påsken i år... Her i huset var det store smil, gledeshyl og latter då meldinga kom!
Snakk om bursdagspresang:
Ei heilt fersk kusine!!!
FrøPrinsesso er kjempeglad!
ME GRATULERER DEN GODE JENTO VÅRES
MED 8-ÅRSDAGEN I DAG!!!
Alle foto: maileg

fredag 17. juli 2009

8 år på forskudd...

Pga. feriereise på mandag og ruskete regnsversutsikter
på lørdag og søndag, blir det i dag bursdagfeiring på bassengkanten
hos FrøBesto og FrøBessen.
Gratulere med 8-årsdagen store, vesle, go'jenta vår!
Me elskar deg!
Alle dei flotte kakebildene er tjuvlånt frå den herlige kakebloggen:
o`holy sweet!

Saman med 25 gjester blir det venner- og familiefest med grillpølser, reker kaffe og kaker på menyen. FrøPrinsesso er akkurat no igang med kakebaksten på kjøkenet til FrøBesto.
Klokka 5 brakar det laus!!!

søndag 7. juni 2009

Botanisk hage - blå inspirasjon

FrueFrøet var så heldig å få ein herlig dag i Botanisk hage saman med ei fantastisk jente!
LT: Tvi-tvi med eksamen på tirsdag!!!
I dag har me vore "hage-nerder" saman... Det var - så langt FrueFrøet kunne observere - berre to stykker som kraup rundt i beda og fotograferte under omvisninga i hagen...
Ellers vart dagen krydra med mange gode samtaler!!
Fjellflokk
Praktstorknebb
Alpeakeleie
Fiolkongslys

Hageiris

Linfamilien: Linum altaikum
Alpeblålin: Linum alpinum
Stor valmuesøster
Valmuefamilien: Palpaver rhaeticum
Klosterpeon Klosterpeon



Drivhus
Orangeri

Forskjellen mellom drivhus og orangeri:
Drivhuset har glasvegger på alle/ to sider.
Orangeriet har vegg uten vindu mot nord, og glasvegg mot sør.
Det vart litt med heim frå Vårtreffet; to kvite riddersporer, engnellik og stevia (som er søtare enn sukker på smak). Må tilbake neste år. Såg eit par-tre planter eg gjerne skulle hatt med heim...
No er det handlestopp! (Med unntak av eit par pelargoniar eller to... også ei New Dawn rose...) Skal det bli hage av dette, så må plantene ned i jorda i god tid før ferien! No er det ut og jobbe!
Ønske alle som stikk innom ei strålande veke!