Viser innlegg med etiketten Ting eg er glad i. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ting eg er glad i. Vis alle innlegg

tirsdag 12. januar 2010

Ein kopp te...

Her er ein av teboksane i FrøHeimen.
Har du lysst på ein kopp te?
Om du svingar innom, så kan du få velge mellom fleire sotar te i lausvekt.
For å halde orden på posane, så har FrueFrøet stappa posane opp i den gamle kakeboksen.
Boksen har FrueFrøet fått av ei gammal frøken... Frk. Mimmi.
LyseBlå er ein favorittfarge, og boksen er favorittboks.
Skiltet, som vart kjøpt meir på grunn av fargen enn teksten, er frå Avoca-butikken i Dublin;
"I CAN ONLY PLEASE
ONE PERSON PER DAY...
TODAY IS NOT YOUR DAY
AND TOMORROW DOESN'T
LOOK TO GOOD EITHER"
Kopp; Edme frå Wedgewood.
Boksen vart fylt godt opp i jula.
Eldste StoreBrorSonen kjøpte 3 posar med nydelig te i julegåve til FrueFrøet;
Blodappelsin te, Assam daglig te, Bjørnebær te
Velkommen!
Psst! Etter klokka 20.00 er FrøPrinsen i seng.
Då har FrueFrøet tid til ein kopp te og ein god samtale...?!

søndag 18. oktober 2009

SøndagsFrukost

I dag fekk både sølvbestikket
og dei blå tallerkane komme på bordet til frukosten
i FrøHeimen.
Om du skulle lure; Ja - maten smakte ekstra godt!
Det blir nok ikkje lenge til neste gong det blir dekka litt ekstra fint...

FrueFrøet er glad i blått, og den gamle te-kanna frå Sia
har fått lov å komme ut av skapet den også.
Det hastar plutselig ikkje så veldig med å få tak i lyseblå vannkokar...
Men jakta på blå koppar er intensivert!!!
Koppar er å finne båder her og der og rundtomkring ...
Hmm - det hadde vore kjekt om det var muleg å finne dei litt nærmare.

Her aust er det herlige haustdagar med strålande sol!
Ute venta FrøHagen på nødvendig assistanse...
Lite har vore utretta på langt over ein månad.
Etter dagen i dag er ca 1/3 av hagen klar for vinteren...

Planar for veka som kjem:
Jobbsøk!!!
Gitar-blogginnlegg
Voksi-pose-prosjekt
Båt-vask
Bil-vask
Hus & Kles - vask...
Maling av vindus-sprosser
Div. rydde-prosjekt
Rense takrenner for lauv og barnåler

mandag 15. juni 2009

Blå funn

Som lova i eit tidlegare innlegg - her er dei blå funna:
5 djupe skåler (dessert?) og 6 flate tallerkar
Dette har resultert i eit nytt drømmeønske hos FrøFrua: kaffekoppar i med samme mønster. Legg gjerne igjen tips om kvar eg kan få tak i slike!
Legg også merke til dei flotte "vasane"!!!
Desse skal bli brukt flittig framover. Det er "mønster" i glaskrukkene; det eine glaset står det "LØVEGLAS" på, det andre "LØVE" og på det tredje står det "Le Meilleur".

Livet i FrøHeimen er fortsatt hektisk. Musikktime og rydding av gamle hus med kjøring til gjenvinningsstasjon gjorde at blodpumpa til FrueFrøet gjorde eit hopp og to ekstra i dag.
FrøPrinsesso rakk timen akkurat, og FrøPrinsen og FrøMammo tok ein youghurt og ei banan på trappa ved øvingslokalet - som forret til dagens middag - som forresten var kylling og pastasalat og vart eten til kvelds... Kven har sagt at livet skal vere A4?!

Snekkern bli oppteken om ettermiddagane med å legge om eit tak denne veka. Jobben har vore planlagt lenge, så det er berre å få unna. Det betyr at aktivitetar i FrøHagen må vente;
trapp og hagestove er utsett på ubestemt tid.. Og drømmar og inspirasjonen får fortsetje med å vere nettopp det - drømmar og inspirasjon!

Rabarbrakake med bakebulver denne gongen står klar på kjøkkenbenken.
I morgon er det skuleavslutning for FrøPrinsesso.
Snart 8 og snart 3. klassing - skummelt kor fort tida går!

FrøFrua ønsker alle ei fin-fin veke, og håpar på tips om blå koppar!!!

lørdag 13. juni 2009

Peoner

Peonene blømer i FrøHagen.
Først ute kvart år er denne med rosa fylte blomar.Navnet har eg ikkje...
Då FrøFamilien flytta hit for 3 år sidan, vart ei lita rot av denne med på lasset...
Peona er planta i ein skråning ved adkomsten til huset
og dei store i FrøHeimen treng berre bøye seg så vidt med for å kjenne den herlige lukta...
Neste pion i blom er denne...
som også er utan navn...
No skal FrueFrøet kose deg med å lese dette bilaget til InteriørMagasinet frå 2004.

Her står det masse om peoner og syriner!

Magasinet er lånt frå hagebiblioteket til FrøBesto. Ho må nok rekne med å spørre etter det for å få det flotte magasinet tilbake før jul...
Ønske alle ei herlig junihelg - med eller utan regn!
I morgon skal eg vere med på ein ryddejobb. Der skal det visst vere litt blått å finne... Nesten som å vere på gratis loppemarked... Seier ikkje meir. Kjem tilbake med bilder!!

lørdag 25. april 2009

Pling-ling...

Dørlokka er på plass.
Det er nok naboane som høyrer mest til ho...

Inne så er det stille, så stille....
Når det då ikkje er heime-kurs i PhotoShop då!
Tusen takk snille du som kjem heim til meg for å lære meg dette!!!!
Kjekt at øyrepynten kunne brukast til glamorøse fredagsantrekk!
Ser fram til fleire samtalar og møter: hage, photoshop, budsjett og ellers det livet har å by på!
Ønsker ALLE ein kjempefin dag! Her er det hagedag!!

tirsdag 17. mars 2009

Ei vakker skål

laga av Sarah Reed.

Eg har fått denne av en dame eg er vanvittig glad i! Skåla og dama har litt felles; tander og mjuk å sjå på, likevel også sterk og vakker!

tirsdag 17. februar 2009

Favoritt ting i heimen

Alma Merethe i Alma Merethes hjørne har utfordra meg til å finne ein favoritt ting i heimen. Må tenke litt på kva det er. Klar favoritt... hmmm... Har masse eg er glad i, og masse eg er "avhengig av". Tenker at det eg er avhengig av ikkje nødvendigvis er det som gjer meg glad... sjølv om dei gjer meg rimelig fortvila om dei ikkje var der; nemlig oppvaskmaskin og vaskemaskin!
Mmm... nei det eg er mest glad i er nok noko som eg aldri har brukt. Eg er så heldig å ha eit nydelig kaffe/te-service til 12 med fløyte mugge, sukker skål og kanne frå Arabia, Finnland.
Har fått det av mormor. Det var ei bryllupsgåve då ho og morfar gifta seg i 1948. Det er liksom for fint til å bruke. Tenk om noko vart knust! No - etter 61 år!!!
Glamourbiblotekaren hadde eit innlegg for ei tid tilbake som har fått meg til å tenke litt nytt. Må berre sondere terrenget litt, så kjem det nok skriftleg invitasjonar ut; te-selskap ein søndag føremiddag. Nokon som vil komme? Det er plass til 12...
Fine kjolar, god te, fin musikk og berre kos - jente kos! mmmm... Det er på tide at koppane kjem ein tur ut av skapet.
Tusen takk for denne vakre skatten kjære mormor!
Har eit par, tre andre ting eg er glad i og. Trur eg må lage fleire innlegg om dette!