Måtte tenne lys i dag. Litt oppmuntring midt i snøkavet. FrueFrøet har brukt over 3 timer på å måke snø - uten at det visar igjen.
Drømmen var å få fjerna nok snø til å få fram ein stol og to, slik at kaffen kunne nytast i solveggen. For no må sola og våren snart komme. Det er jo mars månad alt!
Det vart ikkje stol i solveggen. Etter lang tids graving, var dette alt som kom fram av hagemøblar. Kanskje du skimtar konturen av ein putekasse og ein stolrygg i det fjerne... Ikkje vart det sol heller, men snødde gjorde det!
Lengtar vestover allerede. Til vårtegn.
Snøklokker og klosterklokker i blom. Krokkusspirer og grøne bakkar...
...og gjørme og søle.
Naustet vart så godt som ferdig. Snekkeren gjorde ein kjempeinnsats! FrøBessen og FrøBesto har med litt ekstra hjelp ferdigstilt det meste i løpet av dagen. No manglar berre takstein, beis og naustfest. Skal nok klare å rekke litt av det på neste tur! På 5 gonger 7 meter blir det plass til langbord når båten ligg ute! Her blir det mulig å samle mange kjekke folk! FrueFrøet er godt i gang med planlegginga - noko fornuftig nå ein jo bruke slike snørike kveldar på!
FrøPrinsen fekk sin egen hammar. Den var "altfor tung". Likevel var han ivrig snekker heile veka. Ved frukostbordet i dag la han forresten om kursen for karrieren; "Mamma og Pappa - når eg blir stor skal eg få meg jobb- akkurat sånn som dåke. Då skal eg jobbe sammen med deg Mamma. Det er ledig plass ved sida av jobben din (= kontoret) Mamma. Det såg eg då eg var på jobben din og åt ketchup-fisk (=makrell i tomat) frå liten boks".
I tillegg til å treffe famile, vart det også tid til ein venninnekveld for FrueFrøet. Traff 3 herlige jenter på Peppes. Skravla og kosa oss. Tida gjekk altfor fort! Har lova kvarandre å treffast med mann og barn neste gong. Grillhytta i Handelandsdalen kanskje?Det vart tid til gallerirunde også. Og shopping på ein kjekke butikk og to. Kjem tilbake til det.
P.S. Alle bilder er tekne i løpet av siste veka. Snøbildene har dagens dato...
OPPDATERING: Har akkurat sjekka YR.NO; Der lovar dei 40 mm nedbør i løpet av førstkommande veke. I følge brøytemannskap kan 40 mm nedbør "oversettast til 40 cm snø når gradestokken samtidig visar null til -2 grader... SUKK og dobbelt-SUKK. Er det lov å syns synd på seg sjølv?!! ...det var den drømmen om stol i solveggen...

2 kommentarer:
FIN og koselig og spennande blogg du har, frueFrøet:))
Kjempekoselig å treffa deg då du var heima !
Stooor klem W:)
Hei igjen min venn,
ojojoj så masse snø!!!
Og tusen takk for yoghurtbrødoppskriften :o)
Den er nå innskrevet i favorittoppskriftsboken!
Kjerstiklem
Legg inn en kommentar