Viser innlegg med etiketten Venter på våren. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Venter på våren. Vis alle innlegg

torsdag 12. november 2009

Bedre seint enn aldri


foto: nrk

I dag har endelig;
12 Double Late Ice Wonder
(kvit tulipan)
20 Darwin Hybrid Salmon Impression
(rosa tulipan)
20 Chionodoxa Luciliae Gigantea Alba (kvit "stjerneblom")
10 Double Early Mondial (kvit tulipan)
15 Muscari Armeniacum Blue Spike
(blå perleblom)
50 krokus (fargeblanding)
25 snøklokker
2 Lilium Asiatic Chianti (rosa liljer)
2 Lilium Oriental Muscadet (kvite liljer med rosa flekker/prikker)
2 Lilium Oriental Casablanca (kvite liljer)
2 Lilium Trumpet Regale (kvite liljer med rosa sjatering)
komme i jorda...
No er det berre å vente
- Vente på våren.



foto: norlys.no
I mellomtida er FrueFrøet jublande glad for at nokre hundre kilo belegningsstein snart er på plass i innkjørsla. I tillegg er det gitt løfte om ein låg mur oppe bak huset, og at trappa frå garasjen og opp til huset skal på plass før vinteren!
Midt i stigninga kjem ein lyktestolpe - om ikkje prisen vert altfor avskrekkande....
Åh somFrueFrøet gler seg til hagesesongen startar igjen!!
No er det nesten berre hagestova som manglar...

fredag 10. april 2009

Nok ein herlig påskedag...

... på terassen. Steikte vafflar i dag og. Kos!! Fekk årets første bukett frå FrøPrinsesso. Har kjøp inn diverse små vasar på "Brukt'n". Størrelsane er liten - pitteliten og bitte-pitteliten...
Av erfaring er aldri desse bukettane serlig lange i stilken...
Fekk lura Snekkeren til å henge opp termometeret. Farfar hadde fine skruar i kjellaren sin. Sånne med halvkule-hovud og for flatt skrujern. FrueFrøet er litt pirkite på sånt. Blir litt feil å henge opp eit emaljert termometer med sånne matte skruar med stjerne i som passar for drill... Blei så fint atte! 13'C i skyggen no i kveldinga.
Og i morgon blir det meir jobb på Snekkeren. Kjem tilbake med oppdatering.
FrøPrinsesso og FrøPrinsen gler seg...

torsdag 9. april 2009

Solfylt påske!

I dag har me STORkosa oss ute! Skyene har seila forbi, men det var godt og varmt i solveggen. Ungane har hoppa på trampolina i heile dag. FrøPrinsesso er mørbanka og sliten - blir nok godt å få lagt seg i kveld...Etter grillpølser var det utandørs nysteikte vafflar i solveggen...mmm! Til kvelds var det heimelaga lasagne med salat.
Påskepynten over her er laga av FrøPrinsesso for nokre år sidan. FrøMammo kosar seg med å ta fram slike kunstverk! Kjekt å sjå kva som kjem heim kvart einaste år!!!
"Påskeblomane" er restar frå oppsatsane til naboane sitt bryllup. Me var i eit knallkjekt bryllup på lørdag (04.04.09). Sidan dei skulle til London i påsken fekk me mange av oppsatsane frå borda. For å nyte dei lengst mulig, så har eg no klippa av stilken på dei rosene som fortsatt var fine, og lagt dei i ei skål saman med flytelys. Syns det vart koselig!FrueFrøet fekk i oppdrag å ordne litt på gravene til påske. På blomehandelen sto denne pelargoniaen og venta på å få vere med heim... Gjekk først forbi, men måtte tilbake og hente "Dronning Ingrid" ...Snekkeren har fått påskehelsing frå FrueFrøet - nytt termometer...
I motsetning til andre ektemenner, så nektar Snekkeren å henge opp noko stygge plastdingsar på veggen. Forbudet gjeld både inne og ute!

mandag 16. mars 2009

Nye familiemedlemmer...

...har me fått dei siste dagane.
Dei får godt stell av FrøPrinsesso...
...og FrøPrinsen.
Når eg tenker etter så er det ikkje så veldig sprekt med påskepynt her i huset. Hmm. Kanskje eg skulle høyre litt på Frøprinsesso som blar og peikar i "Påske med Tildas venner"...FrøPrinsesso har allerede tegna mønster og er klar. FrøMammo har berre å komme seg ut av senga og go'stolen! Har skal det syast! Og det klarer nok FrøPrinsesso fint med litt hjelp. Det var berre dette med egna stoff... Får gå på jakt i eige lager i første omgang.

Liten historie til slutt:

FrøPrinsesso: Du Pappa?!

Snekkeren: Ja.

FrøPrinsesso: Farfar har nåke fiiiiint som e akkurat sånn som eg ønske meg.

Snekkeren: Ja vel. Kva er det då?

FrøPrinsesso: Eit lite gammalt mjelkespann som er fint å ha blomar i på trappa til Leikehytta mi.

Snekkeren: Du får snakke med Farfar og sjå om du ikkje kan få låne det.

FrøPrinsesso: Jaaa... I dag såg eg litt av graset på bakken vår! Da va svart og brunt egentlig...

Herlige samtalar!!! Det er jenta si det! Drøymer om våren, og mjelkespann fulle av blomar... Må vel kanskje vente ei ekstra lang stund på langstilka blomar, men vakre kvistar kan jo gjere nytta så lenge!

lørdag 14. mars 2009

Her er nokre av dei vakre blomane...

...eg har fått!!! Tusen takk alle gode venner og familie! Takk og for koselige sms og e-post!!
Kroppen er fortsatt litt ugrei. Men det kjem seg. Dag for dag. Gjekk litt for hardt ut ein av dagane. Det var ikkje lurt...
No er det berre å vente på at kroppen skal bli enig med hovudet om at det blir fint å gå tur når det berre blir farbar vei... Litt mykje snø - og litt glatt enno.
Om du skulle lure; det er IKKJE noko alvorleg! Har rett og slett vore inne på eit sentralt sjukehus, i sentrale delar av landet og gjort "sentral" justering på sentral del av kroppen. No er det litt mindre igjen av FrueFrøet UTAN at det vil ha nokon sentral betydning. Snarare tvert i mot - forventningane er at livet skal bli som NYTT - om litt!
Enn så lenge så blir eg her inne og "pusla og susla". Lengtar etter våren - det er heilt klart! Høyrer at han nermar seg - det drypp ein herlig melodi frå alle tak. Og i dag ser eg ALLE mønepannene på garasjetaket!
Sio eg ikkje er så himla spretten at det gjer noko, så får i alle fall hendene jobba... Ein plass må jo all uro (= utolmodighet) få utløp. FrøPrinsesso såg noko ho likte på sidene til Noa Noa Minaiture. Er snart ferdig med nummer ein av to... Skulle IKKJE ha rosa, så det vart lysegrønt og lys blå.

Oppdatering: Har fått endå ei blome-helsing - Tusen takk!!
No skal FrueFrøet slenge beina høgt og slappe av!

søndag 1. mars 2009

Då var ferien over....

... og FrueFrøet lengter meir enn nokon gong til våren!
Måtte tenne lys i dag. Litt oppmuntring midt i snøkavet. FrueFrøet har brukt over 3 timer på å måke snø - uten at det visar igjen.
Drømmen var å få fjerna nok snø til å få fram ein stol og to, slik at kaffen kunne nytast i solveggen. For no må sola og våren snart komme. Det er jo mars månad alt!
Det vart ikkje stol i solveggen. Etter lang tids graving, var dette alt som kom fram av hagemøblar. Kanskje du skimtar konturen av ein putekasse og ein stolrygg i det fjerne... Ikkje vart det sol heller, men snødde gjorde det!
Lengtar vestover allerede. Til vårtegn.
Snøklokker og klosterklokker i blom. Krokkusspirer og grøne bakkar...
...og gjørme og søle.
Naustet vart så godt som ferdig. Snekkeren gjorde ein kjempeinnsats! FrøBessen og FrøBesto har med litt ekstra hjelp ferdigstilt det meste i løpet av dagen. No manglar berre takstein, beis og naustfest. Skal nok klare å rekke litt av det på neste tur! På 5 gonger 7 meter blir det plass til langbord når båten ligg ute! Her blir det mulig å samle mange kjekke folk! FrueFrøet er godt i gang med planlegginga - noko fornuftig nå ein jo bruke slike snørike kveldar på!
FrøPrinsen fekk sin egen hammar. Den var "altfor tung". Likevel var han ivrig snekker heile veka. Ved frukostbordet i dag la han forresten om kursen for karrieren; "Mamma og Pappa - når eg blir stor skal eg få meg jobb- akkurat sånn som dåke. Då skal eg jobbe sammen med deg Mamma. Det er ledig plass ved sida av jobben din (= kontoret) Mamma. Det såg eg då eg var på jobben din og åt ketchup-fisk (=makrell i tomat) frå liten boks".
I tillegg til å treffe famile, vart det også tid til ein venninnekveld for FrueFrøet. Traff 3 herlige jenter på Peppes. Skravla og kosa oss. Tida gjekk altfor fort! Har lova kvarandre å treffast med mann og barn neste gong. Grillhytta i Handelandsdalen kanskje?
Det vart tid til gallerirunde også. Og shopping på ein kjekke butikk og to. Kjem tilbake til det.
P.S. Alle bilder er tekne i løpet av siste veka. Snøbildene har dagens dato...
OPPDATERING: Har akkurat sjekka YR.NO; Der lovar dei 40 mm nedbør i løpet av førstkommande veke. I følge brøytemannskap kan 40 mm nedbør "oversettast til 40 cm snø når gradestokken samtidig visar null til -2 grader... SUKK og dobbelt-SUKK. Er det lov å syns synd på seg sjølv?!! ...det var den drømmen om stol i solveggen...

fredag 20. februar 2009

Me tel ned til vinterferien...

Frøprinsen er allerede på ferie. Han drog saman med FrøBesto og FrøBessen på onsdag. Før avreise så måtte me rette opp i ein liten misforståelse. Han sto så stolt og fortalte at han skulle komme ut på trappa og ønske oss velkommen etter på lørdag. Han skulle kose seg på tur "aleine", og gledde seg veldig til å reise til "Bessen sitt hus i Italia"...
Foto: nettet ein stad...
Måtte i gang med å forklare at dette kjekke huset ikkje var Bessen sitt... Det var veldig kjekt å vera her i Anzio, men det var nok ikkje her turen gjekk denne gong!

Foto: nettet ein stad...

Nei. Denne gong går turen hit - Halsnøy, Kvinnherad:


Foto: nettet ein stad...

For FrueFrøet er dette den store "Sommar-øya". Her er det kjekt å vere om sommaren. Finst ikkje bedre plass! I følge sikre kilder er det vinter her no. Snør gjer det visst og. Øybuarane likar det. FrueFrøet hadde håpa på ein tjuvkikk på våren. Små grøne spirer av snøklokker og slikt... Siste melding frå yr.no: ta med støvlar og regnkler!

Foto: ... må eg sei da? OK: SparKjøp - men eg er overbevist om at eg kunne bli like glad av å gå rundt med desse som nokon andre fine og laaangt dyrare merke!


Stakkar FrøBessen og Snekkeren - dei skal jo bygge naust i ruskeveret. Men du som eg gler meg til den skikkelige sommaren! Då bli det servering i naustet. Innvielsesfest? I alle fall grilling og kos ved brygga!

Om sommaren er det fiskefestival i landsbyen.

Foto/ill.: Kvinnheringen
Lurer på om eg ikkje må overtale Frøprinsesso og Snekkeren til å reise hit omtrent på den tida... Snekkeren skal allerhelst ligge og duppe på eigen kjøl ein stad mellom Holmestrand og Tønsberg/Bolerne på den tida. FrøPrinsesso har egentlig planlagt den store 8 års dagen; jentefest på basengkanten hos FrøBesto og FrøBessen. "Med sånne gøye drinkar med sugerør, paraplyar og isbitar... åsså muffins og is og pizza eller tacos eller god grillmat - vett'u Mamma!!" Så det må lagas nokre lure planar... Fiskefestivalen har ein stor skaldyrfest på programmet. Hadde vore så kjekt å vore der igjen! Få sjå kors da går. Langtidsplanlegging?!!!

P.S. FrøMammo og FrøPrinsesso kjøre på lørdag. Snekkeren ha ski-dosen sin og kjem etter i buss på søndag. Skal berre ha med seg Grenadren - 9, etterleranna mil... Kvar si lyst seise no FrueFrøet om den saken!

tirsdag 3. februar 2009

Snekkeren drøymer om varmare tider...

... og då set han seg godt til rette i sofaen og ser på denne;

Foto: frå nettet ein stad....

...humrar og ler. Nyt Musikken og diggar flotte båtar!! ...og damer?!

søndag 4. januar 2009

Gulerotkake...

... er i grunnen godt! Akkurat desse bitane er restar frå eit vanvittig kake-bord på Juletrefesten til barnehagen. Frøprinsen gjekk rundt og fortalte at denne kaka var det mammo hans som hadde laga... Det vart nok igjen til at me kan ha kaffi-gjester fleire dagar... I morgon er det i gang med barnehage, skule og jobb for alle i Frøheimen. Januar og februar blir travle månader. Frue Frøet håpar å rekke å planlegge litt hage. No er det jo lysare tider i vente!!
Det er fortsatt 100% jul her i Frøheimen, men det er på nåde! Snekkeren er musikalsk deltids-nisse på diverse juletrefestar no om dagen, og han vil så gjerne ha juletreet i stova ut kommande helg. Frue Frøet har ein annan plan - kommande helg skal brukast til å koste ut jula med tilhøyrande hybelkaniner. Det skal bli godt å møte 2009 med nyvaska og ryddig hus neste søndag kveld!