Dei får godt stell av FrøPrinsesso...
...og FrøPrinsen.
Når eg tenker etter så er det ikkje så veldig sprekt med påskepynt her i huset. Hmm. Kanskje eg skulle høyre litt på Frøprinsesso som blar og peikar i "Påske med Tildas venner"...
FrøPrinsesso har allerede tegna mønster og er klar. FrøMammo har berre å komme seg ut av senga og go'stolen! Har skal det syast! Og det klarer nok FrøPrinsesso fint med litt hjelp. Det var berre dette med egna stoff... Får gå på jakt i eige lager i første omgang.
Liten historie til slutt:
FrøPrinsesso: Du Pappa?!
Snekkeren: Ja.
FrøPrinsesso: Farfar har nåke fiiiiint som e akkurat sånn som eg ønske meg.
Snekkeren: Ja vel. Kva er det då?
FrøPrinsesso: Eit lite gammalt mjelkespann som er fint å ha blomar i på trappa til Leikehytta mi.
Snekkeren: Du får snakke med Farfar og sjå om du ikkje kan få låne det.
FrøPrinsesso: Jaaa... I dag såg eg litt av graset på bakken vår! Da va svart og brunt egentlig...
Herlige samtalar!!! Det er jenta si det! Drøymer om våren, og mjelkespann fulle av blomar... Må vel kanskje vente ei ekstra lang stund på langstilka blomar, men vakre kvistar kan jo gjere nytta så lenge!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar