søndag 19. april 2009

Garden Heaven...

...var kanskje det som FrueFrøet vil huske best frå hagemessa. Dette er vel kanskje ein enten-eller-ting. Enten så likar du denne saken, eller så er det nei, nei og fy, fy!
FrøBesto & FrueFrøet likte denne!
Tanken på å ligge her og kose seg... mmm... kald kvitvin... sveivegramofon - eller reiseradioen... JEPP! FrøBesto har sett denne opp på ønskelista til 60 årsdagen sin. FrueFrøet rundar 40 samme år. Lurer på om det er mulig å få rabatt ved å bestille to Garden Heaven?!!
(The Garden Haven, Mygrind Design)

Foto: Mygrind desin

Og så Gros Hage då! Masse herlig for dei som vil pynte hagen med litt "stæsj". FrøBesto klarte ikkje å stå imot ein liten frosk med gull-kruna på. Det vart faktisk to med heimover - og jammen hoppa ikkje den eine ut heime hos oss. Han hadde kviskra FrøBesto i øyra at han gjerne ville bu hos to av barnebarna hennar. Så då så!

FrøMammo fant ei Blåklokke-dørklokke. (Bilde kjem når svarte skruar er kjøpt inn og monering er gjennomført). Klokka har litt lik lyd på isbilen i følge FrøPrinsen... Me er fortsatt ikkje sikker på om me vil høyre ho inn, men håpar at ho vil gjere nytta når små gjester kjem kjøkken-vegen!

Ellers vart to fuksia med heim; begge er med store kvite blomar. Ein veks nedover, og ein veks oppover. Gler meg til å plassere dei saman med dei fylte lyserosa frå ifjor.

FrøBessen gjorde nok beste kuppet - han fekk tak i nyaste kokeboka til Stiansen - "Stiansen inviterer til fest", og fekk ho signert! I helsinga sto det at Stiansen håpa at boka inspirerte til å be venne og familie på fest. Og det skriv me alle under på!!!!

I tilegg til medlemsskap i Hageselskapet, kom det jammen tre tusenfryd med i ein av posane også. Hmm... sånn kan det gå...

Ei travel veke ventar: litt å rydde i både inne og ute. Mange planar!
Våren er her!

FrueFrøet ønsker alle lesarar ei fortryllande veke - husk å stoppe opp og nyte - våren er ei flott tid!

1 kommentar:

~ ♥ LISBETH ♥~ sa...

Heisan! Skulle ikke sagt nei takk til en herlig hvil i det hagemøblet nei ;o)))
Ha en flott uke.
Klem