FrueFrøet fylte dei med jord og samla dei i minidrivhus. Sidan desse skal gravast ned i jorda - og bli til jord, så er det jo ikkje så viktig korleid dei ser ut...I tillegg er gjenbruk av lokalpressa er jo eit miljøbidrag!
...men det hadde vore artig om desse minidrivhusa kom i eit annan fargeutvalg enn KNALLGRØN...
Om eg hadde fått tak i desse drivhusa i ein lysare farge (f.eks. kvit, lyseblå, rosa eller lys grøn) så hadde eg garantert kjøpt ei eller anna fransk avis berre for å lage finare avispotter - trur eg...
Frø har blitt lagt i bløyt og planta leeenge før frukost...
2 av 10 ranuklar visar mot og stikk opp av jorda. FrueFrøet ha lova dei god behandling uansett farge (og kryssar fingrane for at dei ikkje er oransje...)
Andre oppgaver som står for tur er male hagemøblar, sy trekk til hageputene (dongeri - fordi det toler mykje, og kan gå i vaskemaskinen når det er søla på dei). Planlegg ellers å få laga ei lang trapp opp til huset, lage mur av store steinar, rydde opp og starte på den fratidige hage-oasen bakom huset...
Frøprinsen er i ferd med å bli stor. Han vil gjerne bestemme kva for kler som skal og ikkje skal på kroppen. Franklin t-skjorta er ein favoritt (det er motiv av skilpadder på ho ... men ingen "Franklin"...)
FrøPrinsen viser gode hage-evner, og er flink til å hjelpe til med vannkanna si. Han spring rundt i hagen og ropar "Mamma, mamma - det er noko her!!!"
DET er gjerne peoner som veks fleire cm om dagen!

Denne veka har me forresten fått ei STOR FrøPrinsesse i hus. Det er samme jenta, men ho har blitt så stor. FrøMammo heng nesten ikkje med i svingane - det er sikkert!!
FrøPrinsesso har slutta på SFO og blitt nøkkelbarn. Det er kjempestas!
FrøMammo er lukkeleg over at noboen som er heime i barselpermisjon gjer myje meir enn det som er forventa. Det er uendelig trygt og godt å vite at det er nokon der som ser etter.
No gjenstår det berre for FrøMammo å venne seg til tanken på at FrøPrinsesso framover skal gjere meir av det ho er god på- gå sine eigne veier!
Tilslutt litt FrueFrø status: Kroppen til FrueFrøet har meir energi og overskudd enn på lenge! Trur nesten det er snakk om ca. 8-9 år... minst! Det går så det susar på de på jobb og privat. Rekk og orkar meir enn på lenge. Er tilstades i øyeblikket og søv godt om nettene. Ikkje har det vore snakk om nokon forkjølelse heller dei siste 3 vekene... Det er nesten så det er for godt til å vere sant. FrueFrøet er litt mistenksom. Lurer litt på kor alle forkjølelsane har gjort av seg. Kikkar litt etter om det er ein vegg i nærleiken som ein kjem til å smelle borti snart. Eller om det er ein eller anna meir eller mindre usynlig energitank som snart er tom igjen... Eventuelle medlemsskap på treningsstudio er på vent. Tar steg for steg. FrueFrøet vil avvente litt... det som skjer er rett og slett for godt til å vere sant - kan dette vere resultatet av at ein kirurg fekk lov å skjere hol på frua og "fikse" litt?!?!


2 kommentarer:
skaff meg ein sånn mann med kniv!! Viss virkningen er så voldsom:)
Høyres jo ut som om du har overskudd! Heilt amgisk:) Er deg vel unnt! (men eg skulle gjerne hatt det sånn og)
No er det jobben som syg alle krefter, men får håpa etter møte på mandag at vi finn ein slagplan som gjer jobbdagane meir "levelege" Gøy med travelt, men det har for mykje.
Godt med helg no iallefall:)
Her e min nye blogg forresten: http://trultemor.sier.no/
Fortsatt god helg:)
Klem W
Hvordan får du til sånne fiine avispotter? Kan forsikre om at mine ser ut som takras til sammenligning. Kanskje det skyldes kvaliteten på lokalavisa..
Klem ess
Legg inn en kommentar