torsdag 9. april 2009

Solfylt påske!

I dag har me STORkosa oss ute! Skyene har seila forbi, men det var godt og varmt i solveggen. Ungane har hoppa på trampolina i heile dag. FrøPrinsesso er mørbanka og sliten - blir nok godt å få lagt seg i kveld...Etter grillpølser var det utandørs nysteikte vafflar i solveggen...mmm! Til kvelds var det heimelaga lasagne med salat.
Påskepynten over her er laga av FrøPrinsesso for nokre år sidan. FrøMammo kosar seg med å ta fram slike kunstverk! Kjekt å sjå kva som kjem heim kvart einaste år!!!
"Påskeblomane" er restar frå oppsatsane til naboane sitt bryllup. Me var i eit knallkjekt bryllup på lørdag (04.04.09). Sidan dei skulle til London i påsken fekk me mange av oppsatsane frå borda. For å nyte dei lengst mulig, så har eg no klippa av stilken på dei rosene som fortsatt var fine, og lagt dei i ei skål saman med flytelys. Syns det vart koselig!FrueFrøet fekk i oppdrag å ordne litt på gravene til påske. På blomehandelen sto denne pelargoniaen og venta på å få vere med heim... Gjekk først forbi, men måtte tilbake og hente "Dronning Ingrid" ...Snekkeren har fått påskehelsing frå FrueFrøet - nytt termometer...
I motsetning til andre ektemenner, så nektar Snekkeren å henge opp noko stygge plastdingsar på veggen. Forbudet gjeld både inne og ute!

Ingen kommentarer: