søndag 3. mai 2009

Skogens gull

Søndagen vart god - etter verste formiddagssjauen...!

Etter ein god frukost, så kasta Snekeren og FrueFrøet seg over ein havarert 2. etasje i garasjen. Bebuaren har trekt seg tilbake til det frie studentliv i Harald Hårfagres land. Der er han i trygg avstand frå sinte pårørande som må vaske og rydde restane etter 2 månader med cola, potetgull og sjokolade på senga... MAKAN!

FrueFrøet har litt ekstra kort lunte om dagen. Det er press på andre kantar og må vite, så det gjekk ikkje lange før telefonlinja var kobla opp og korte beskjear gitt. Snekkeren fulgt opp han og. Beskjeden var i korte trekk: DETTE SKJER IKKJE IGJEN - DÅ MÅ HUSROM SKAFFAST ANDRE PLASSER!
NB! Me ELSKAR store StudentGuten - men driv ikkje hotell/all inclusive...

Etter å ha blåst ut all gruff, var det på tide å få "landa". Sidan sola skein og ryktene gjekk om store soppmengder i skogen, så la alle 4 i FrøHeimen ut på tur. I raskt tempo brukar FrueFrøet litt i overkant av 6 minutt opp til Bekken. I går brukte me ein time tur-retur... For det var så mykje sopp. Kom heim med ikkje mindre enn 1,8 kg Kantarell.
Det er forresten den einaste soppen me kan her i huset. Men no kan me ein til; TraktKantarell.

Det kunne sikkert blitt meir sopp, men Lykka var den at me skulle på søndagsmiddag hos FrøBesto og FrøBessen. Så me styrta heimom etter BadeTøy og Håndkler. Fekk nydelig kalkunmiddag. Til dessert var det både vanvittig god kake (oppskrift kjem seinare!) og Blåbær med vanlijesaus...mmmm!!!


Mellom middag og dessert tok FrøFamilien det må vere sommarens aller siste bad utandørs... No merkas det verkelig at det er haust.


Etter at SmåFrøo var i seng kasta Frua seg ut på ein joggetur. 45 minutt inkl. 10 min. oppvarming. Tel berre minutt, og ikkje lengde!

Resten av kvelden gjekk med til å renske sopp. FrueFrøet er lite glad i å tygga på diverse delar frå Skogens Rike, og fekk det "ærefulle" oppdraget å børste sopp. Ein einaste bitte-bitte-liten kommentar om at nokre få soppar kanskje kunne vore børsta ør-pitte-lite-granne bedre, gjorde at Snekkeren fort fant favoritt-stillinga med "After The Sunset" på skjermen...

I dag har det blitt kjøpt inn soppkorg - var på ein kjekke butikk som heiter KARJOLEN. FrueFrøet gjekk strålande fornøgd frå butikken! Akkurat passe stor korg, med praktiske hankar som er til å legge ned osv. MEN - trur du ikkje det kom reklame i postkassen frå JYSK der ei tilsvarande korg kosta berre 1/4 så mykje!!! Då hjelper det lite at på den "dyre" så er metallet i hankane malt brunt... SURT rett og slett!

Ingen kommentarer: