
Dette har vore ein herlig 1. mai-helg! Me hadde gode venner på besøk fredag. Barnevennlig servering: Pølse-pizza med heimelaga pizzasaus på grov botn. Me gløymte raudbrusen, så den får me servere ved neste anledning.

Fredag var Frøprinsen, Frøprinsesso og Mamma Frøet "rompe-diltarar" etter
Solberg musikkkorps. FrøPrinsen elskar musikk; marsjerte, dirigerte og slang kyss til SnekkerPappaen som spelar tombone i korpset.

På ein slik fin dag, så må det jo kjøpast is!

Høgdepunktet for FrøPrinsessa var nok likevel Hanna Montana filmen! Ho gjekk rundt og gleda seg så mykje at det nesten var umulig å sove... Saman med to gode venninner - og iført rosa Hanna Montana t-skjorte og Hanna Montana hatt - vart filmen eit absolutt høgdepunkt denne helga. Venninnene fekk overnatte, og FrueFrøet og Snekkeren fekk kosa seg med gode venner på besøk!

Resten av helga har FrueFrøet kosa seg i hagen. Hakka og spadd der trappa skal komme. Tidlegare i veka hadde me kjekt besøk av ein knallflink snekker (ikkje min Snekker) - rett og slett
eksperthjelp! Fekk målt nokre
høgder og
lengder. Det vart ganga opp og dividert - anslått antall trinn og lengder på repo - god planlegging! No er det
berre å grave plass til forskalinga... Det er FrueFrøet sin jobb. Snekkeren (min) skal stå for forskalinga. Det er litt
tankearbeid slike prosjekter som denne trappa. Samtalane mellom Snekkeren og FrueFrøet går gjerne slik som dette:
Snekkeren: "Det er nok like så greit å få inn ein bil (les: med ferdig blanda sement). Smelle opp forskalinga og få inn ein bil."
FrueFrøet: "Ja vel?!"
Snekkeren: "Ja! Det må jo inn ein bil med sand og sement. Og så blir me ståande her og blande. Kan jo likeså greit plassere trinna i forskalinga (skal bruke kantstein av grå granitt som opptrinn), fylle opp med sement og legge i skiferen med det samme!"
FrueFrøet: "Men då kan me jo like så greit støype solen til hagestova samtidig! Når det først er bil her! Så er i alle fall den på plass. Resten kan me jo orden eit anna år..."
Snekkeren: "Resten eit anna år?!!! Nei! Kjem solen på plass så hiv er fort opp resten. Alt av materiale ligg klart i garasjen!"
YIPPI - HAGESTOVE - YIPPI-YIPPI-YIPPIIIII!!!
...dermed er det berre å kaste seg over tegnebrettet. Her skal det ikkje inn ei prefabrikert "hytte". Nei da. For å utnytte plassen maksimalt, så blir det nokre tilpassa vinklar og plassbygd løysing... Vil prøve å få inn nokre av dei samme elementa som i huset. Guri kor eg gler meg!!!
3 kommentarer:
HEi!
Forstår godt at du gleder deg, det blir sikkert kjempefint! Så kjekt å ha en mann som er snekker ;))
Ønsker deg en fin mandag!
Klem Beth
Ja, det må jeg si! ..tar like gjerne hagestua med en gang.. for en mann!! Høres ut som om dere har hatt en super helg, både store og små:-) Tusen takk for hyggelig kommentar hos meg, såklart det er greit at du lenker til meg! Ha en fortsatt fin uke, hjertelig hilsen Hanne.
Åh heldige du, som har ein mann som tar initiativ.
Kjempekoslig blogg du har, også trur eg me er fra samme kommune.
Legg inn en kommentar