søndag 18. oktober 2009

SøndagsFrukost

I dag fekk både sølvbestikket
og dei blå tallerkane komme på bordet til frukosten
i FrøHeimen.
Om du skulle lure; Ja - maten smakte ekstra godt!
Det blir nok ikkje lenge til neste gong det blir dekka litt ekstra fint...

FrueFrøet er glad i blått, og den gamle te-kanna frå Sia
har fått lov å komme ut av skapet den også.
Det hastar plutselig ikkje så veldig med å få tak i lyseblå vannkokar...
Men jakta på blå koppar er intensivert!!!
Koppar er å finne båder her og der og rundtomkring ...
Hmm - det hadde vore kjekt om det var muleg å finne dei litt nærmare.

Her aust er det herlige haustdagar med strålande sol!
Ute venta FrøHagen på nødvendig assistanse...
Lite har vore utretta på langt over ein månad.
Etter dagen i dag er ca 1/3 av hagen klar for vinteren...

Planar for veka som kjem:
Jobbsøk!!!
Gitar-blogginnlegg
Voksi-pose-prosjekt
Båt-vask
Bil-vask
Hus & Kles - vask...
Maling av vindus-sprosser
Div. rydde-prosjekt
Rense takrenner for lauv og barnåler

2 kommentarer:

Trultemor sa...

Heilt enig, blått e fint:)
Men jøye meg så masse planar for veka! Håpar ellers du har det bra!!
Klem

Anonym sa...

Hei. Eg har ett blått servise som blir brukt på søndagene. Helst med kakao i koppen og egg til sjevå, då e livet topp syns me her i huset.
Men du, for en fin sovepose! Er det plass/hull til sele?
Snakkes, ha en fin dag :)
ks