Viser innlegg med etiketten FrøPrinsesso. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten FrøPrinsesso. Vis alle innlegg

mandag 19. oktober 2009

PopStjerneGitar

På fredag var FrøPrinsesso i ein veldig kjekke PopStjerneBursdag!

I svarte blanke tights, FrøPrinsen sin dressves.t og nykrølla hår, så vart ho ganske så lik på PopStjerneIdolet: Taylor Swift.

For å få den Rette Look'en, så måtte det tryllast fram ein gitar.

FrøMammo er TrylleAnsvarlig i FrøHeimen, og fredag vart gitaren ferdig...

Just-in-time... eller rettare sagt litt på overtid...

Men Ekte Stjerne gjer Stor Entre litt etter at alle andre har komme?!!?

FrøPrinsesso vart kjemeglad, og då er FrøMammo dobbelt så glad!

Inspirasjonen kom frå KK sitt julemagasin...

No ventar Voksi!

mandag 20. juli 2009

Fødselsdag

I natt fekk me tekstmelding. Noko var på gang. Sjukehuset neste stopp.
I dag kom gladmeldinga: Vesle FrøKusina vart fødd i natt. Alt er bra med kusino, mammo og pappen.
ME GRATULERER!
-og gler oss STORT til å få helse på!
Blir artig å sjå korleis FrøFetteren reagerer på å få ei søster. Ikkje store karen han heller. Feira 1-års dag i slutten av påsken i år... Her i huset var det store smil, gledeshyl og latter då meldinga kom!
Snakk om bursdagspresang:
Ei heilt fersk kusine!!!
FrøPrinsesso er kjempeglad!
ME GRATULERER DEN GODE JENTO VÅRES
MED 8-ÅRSDAGEN I DAG!!!
Alle foto: maileg

søndag 19. juli 2009

Feriestart...

Feiringa av FrøPrinsesso sin 8-års dag på forskudd vart ein suksess!
Familie og venne strøymte på.
Rekene var gode, og kakene vart samtaleemne utover det vanlege...
SommarFuglKake
- Bestilt av FrøPrinsesso og laga i samarbeid med FrøBesto.
DenStoreSuksessKaka
-som me ikkje har navn på...
Også denne bestilt av FrøPrinsesso - har god smak den jento! Vart berre igjen 2 ss av saus og krem etter at gjestene hadde forsynt seg... skikkelig må-berre-ha-litt-til-kake!

Veret var strålande - bassenget vart flittig benytta!
Det vart seine kvelden før me kom oss heim med gaver og "pikk-pakk"
-------------------------------

Gårsdagen vart den STORE utladningsdagen. Seint opp - tidleg i seng.
Brukar å ha det slik når ferien starter...
Har hatt det som denne anda i det siste. Er i grunn ikkje ferdig med alt som skulle i havn før ferien, så det blir nokre timar heimekontor til før det blir skikkelig ferie...

fredag 17. juli 2009

8 år på forskudd...

Pga. feriereise på mandag og ruskete regnsversutsikter
på lørdag og søndag, blir det i dag bursdagfeiring på bassengkanten
hos FrøBesto og FrøBessen.
Gratulere med 8-årsdagen store, vesle, go'jenta vår!
Me elskar deg!
Alle dei flotte kakebildene er tjuvlånt frå den herlige kakebloggen:
o`holy sweet!

Saman med 25 gjester blir det venner- og familiefest med grillpølser, reker kaffe og kaker på menyen. FrøPrinsesso er akkurat no igang med kakebaksten på kjøkenet til FrøBesto.
Klokka 5 brakar det laus!!!