Viser innlegg med etiketten God mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten God mat. Vis alle innlegg

tirsdag 17. november 2009

Kokkelering...

I helga kokkelerte Snekkeren og FrueFrøet.
Bordet vart dekka i god tid...
kvelden i forveien...
og godt var det!
Uansett så vert det hektisk i innspurten.
VertinneKokkeServitør-rolla
er Travel og TRIVELIG!
Gamle glas.
FrueFrøet er spesielt glad i desse vinglasa!
Kveldens meny
vart godt motteken;
------
Skogsoppsuppe
med sjølvplukka kantarell
------
Tapasfat;
Ovnsbakte kamskjell
Laks på potetkaker med vårløk
Stekt halomi-ost marinert i kvitløksolje og persille
Bruchetta med tomat/pesto
------
Heilsteikt indrefilet av okse
med båtstekte poteter, grønsaker og rødvinssaus
------
Sjokoladefondant
Kaffe avec
------
Knallkjekt å koke for Gode Venner!

lørdag 18. april 2009

Førstereis...

I kveld skal FrueFrøet på jentekveld!

Foto: google - bilder....
Skal få sushi. Det er fortsatt utprøvd...

Foto: google - bilder....

Gler meg til skravling og tøys og fjas!!!

Foto: google - bilder....
Er fortsatt spent på menyen...
Foto: google - bilder....

Ha ein fortryllande lørdagskveld - det skal eg ha!

JUHU!

mandag 9. februar 2009

Akedag med italiensk vri

Morsdagen kom med overraskelse på sengekanten. Snekkern fekk ikkje lov av Frø-prinsesso å ødelegga opplegget med blomar. Her var det Frø-barna som skulle stå for overraskelsane. Frø-mammo vart "kruna" med eit krus: "Verdens beste mamma". Givergleda var så stor at bæreposane ikke rakk å komme av før gaven vart overbrakt - samtidig som serverings-brettet med lys, flagg, sjokoladeskål (!?) og nytrekt te vart plassert på nattbordet. Denne gongen var ikkje Frøprinsen informert om innhaldet, og kunne dermed ikkje røpe så mykje. Rive-av-papiret-lysta var desto større frå den kanten... (FrøPappaen fekk sitt krus til bursdagen i januar)
Etterfrukost og litt søndags-sofakos var det ut i akebakken! Frøprinsen hadde ropa om SKI eit par dagar, og endelig fekk han prøve seg. Med god hjelp av SnekkerPappaen ned bakken og eine SuperOnkelen opp (manuell-akebrett-skiheis) vart det artig...tilslutt... Var så heldige å få besøk: 1x sjarmerande liten fetter, 2 x tanter, 2x onkler & 1 x FrøBestefar (FrøBestemora var desverre ikkje i form og måtte bli heime)FrøPrinsesso laga eige skispor og susa ned bakken på eiga hand, og var like flink opp bakken igjen! Etter ei stund ute var det inn til "Vente-knekkebrød" (som i vente-pølse...). FrueFrøet fekk knallfin assistanse frå Svigerinno, og etter litt meir enn berre om-og-men, så var det endelig middag: Foto: http://www.dolcevita.no/cucina/gronnsaker/italiensk-aften/

Menyen var i all hovedsak henta i frå nettsida som blidet er henta ifrå. I tillegg vart det laga foccacia. Fleire bloggedamer har lagt ut oppskrifter på dette gode brødet - så det måtte prøvast!
Hadde god olivenolje og god balsamico, pinjekjerner, basillikum, parmesanost, oregano + masse anna godt!
Heimelaga pesto... Var så svoltne at det vart ikkje teke bilde av alt. Dei gode kylling filetane var fylte med mozzarella, sjarlottløk, soltørka tomat og salvie-blad. SUPERsvigerinno steikte og braserte i laaange tider. Når endelig kyllingen var bruna og vel inne i steikeovnen var det på'an med asparges og pinjekjerner.

På bodet stod det og ovns-steikte potetbåtar, oliven av ulikt slag og søte små tomater.Desse gjekk det nokre kilo av då me var i Italia saman i september 2008.

Reiser gjerne tilbake hit...

og gjerne til dette huset i Anzio, sør vest av Roma;
Foto:http://www.homeaway.no/Italia/Roma-og-Lazio/ferie-villa-Anzio/p83869.htm#unit1

Etter middag var det kaffe og Bombe-kake med vaniljesaus (kakebotn med krem og frukt-coctail & pikekyss + God vaniljesaus til å ha over kakestykkene). Den var det ingen som rakk ta bilde av...