Viser innlegg med etiketten Venner. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Venner. Vis alle innlegg

torsdag 15. juli 2010

Sommarkveld...

...på terassen til ei flott JenteDame
JenteDameKveld i SyKlubben

Herleg fri prat

om alt

om ingenting

Ein liten fest
midt i SommarKveldKvardagen
Feiring av
Livet
Kvarandre
og
Samtalen
Den Nydelige Pavlovaen var det Vertinna som hadde laga
Ei ekte MåHaMykjeMeirGodKake!
Klokka vart godt over midnatt før FrueFrøet fekk hovudet på puta...

tirsdag 17. november 2009

Kokkelering...

I helga kokkelerte Snekkeren og FrueFrøet.
Bordet vart dekka i god tid...
kvelden i forveien...
og godt var det!
Uansett så vert det hektisk i innspurten.
VertinneKokkeServitør-rolla
er Travel og TRIVELIG!
Gamle glas.
FrueFrøet er spesielt glad i desse vinglasa!
Kveldens meny
vart godt motteken;
------
Skogsoppsuppe
med sjølvplukka kantarell
------
Tapasfat;
Ovnsbakte kamskjell
Laks på potetkaker med vårløk
Stekt halomi-ost marinert i kvitløksolje og persille
Bruchetta med tomat/pesto
------
Heilsteikt indrefilet av okse
med båtstekte poteter, grønsaker og rødvinssaus
------
Sjokoladefondant
Kaffe avec
------
Knallkjekt å koke for Gode Venner!

søndag 7. juni 2009

50 ballonger...

... er levert til ein god venn!
Takk for eit hyggelig 50-årslag!!!
No er det "power-soving"!
Om 5 timar er det opp og inn i bilen til Frk. Essklarinett. Botanisk hage ventar på to hageglade jenter på jakt etter gode hagefunn med gamle aner og gode gener!

lørdag 30. mai 2009

Etterlysning!

FrueFrøet etterlyser New Dawn rosa!
Har du sett rosa for salg i Dammensdistriktet så sei ifrå.
Handleturen til Plantebørsen gjekk fint. Fekk hjelp av ikkje mindre enn 2 kjekke gartnarar!!
(Det er litt annarledes enn på Plantasjen kor du må så i kø for det aller miste spørsmålet... FrueFrøet er tilhengar av god servise!)
No kastar me oss i bilen. Må ha litt mat til Snekker og barn! FrueFrøet skal på Jentefest/NaboFruefest. Snekkeren er barnevakt for halve nabolaget... JEPP! Han er både snill og god den mannen!!

mandag 11. mai 2009

Mai-fest og vinnarlykke

FrueFrøet har vunne Anniche sin konkurranse!! JUHU!!!! (trur det snart er 30 år sidan FrueFrøet vant noko sist gong...var berre eit lite JenteFrø den gongen, og premien var ein bamse...) Har du besøkt den fine butikken ho har? FrueFrøet driv smugplanlegging av sommarferien...
Målet er å klare å komme seg innom nokre artige butikkar langs ruta... frå Drammen og langs Sørlandet og opp til Bergen. Bør vere nokre mulighetar for å kvile blikket på eit og anna "må-ha"?!! Premien vil det bli blogga meir om seinare!!
Like så mykje som at fargane i mai er rødt, kvitt og blått, så er lyden av mai Korpsmusikk!

I dag har me kosa oss her i hagen til Frøheimen!!
For ei stund tilbake bestemte FrueFrøet seg for at no hadde det jammen vore nok vanlege kvardagar. Heretter skal det vere meir feststemning i kvardagen!
Når NaboFrua foreslo å lokke Solberg Musikkkorps på besøk til Farfar som er Æresmedlem, så var det berre å kaste seg rundt!
Fruene baka kaker, kokte kaffe og blanda saft.
Mange slag instrumenter kom og gjorde denne mandagen til ein festleg dag for store og små i alderen 0 til 88 år!
Bed med bark kan nyttast til mangt...
Masse ugras og lite blomar seier du?
Neida - her er det berre veldig god plass til litt av alle dei fine vekstene som FrueFrøet ønsker seg!
Til slutt eit "kake-tips"; skal du drysse på melis?
Bruk te-sil-klypa!!
"Enkelt-penkelt" sa FrøPrinsesso når ho prøvde!
Herlig med fest i kvardagen!
Ønske alle som stikke innom mykje fest og morro i kvardagen!

torsdag 7. mai 2009

Fine tekoppar

FrueFrøet tek ein ekstra kopp med te. Set heilt stille og nyte livet. Lurer litt på kor lysta til å vaske og rydde i huset har gjort av seg. Lure berre bittepittelitt altså. Det er i grunn like så kjekt å drikke te og tøyse med kjekke jenter på "Fjesboko"... Har litt fredagsfølelse. Blir jammen fort vant med 4 dagars veker!

lørdag 25. april 2009

Pling-ling...

Dørlokka er på plass.
Det er nok naboane som høyrer mest til ho...

Inne så er det stille, så stille....
Når det då ikkje er heime-kurs i PhotoShop då!
Tusen takk snille du som kjem heim til meg for å lære meg dette!!!!
Kjekt at øyrepynten kunne brukast til glamorøse fredagsantrekk!
Ser fram til fleire samtalar og møter: hage, photoshop, budsjett og ellers det livet har å by på!
Ønsker ALLE ein kjempefin dag! Her er det hagedag!!

lørdag 18. april 2009

Førstereis...

I kveld skal FrueFrøet på jentekveld!

Foto: google - bilder....
Skal få sushi. Det er fortsatt utprøvd...

Foto: google - bilder....

Gler meg til skravling og tøys og fjas!!!

Foto: google - bilder....
Er fortsatt spent på menyen...
Foto: google - bilder....

Ha ein fortryllande lørdagskveld - det skal eg ha!

JUHU!