...eg har fått!!! Tusen takk alle gode venner og familie! Takk og for koselige sms og e-post!!
Kroppen er fortsatt litt ugrei. Men det kjem seg. Dag for dag. Gjekk litt for hardt ut ein av dagane. Det var ikkje lurt...
No er det berre å vente på at kroppen skal bli enig med hovudet om at det blir fint å gå tur når det berre blir farbar vei... Litt mykje snø - og litt glatt enno.
Om du skulle lure; det er IKKJE noko alvorleg! Har rett og slett vore inne på eit sentralt sjukehus, i sentrale delar av landet og gjort "sentral" justering på sentral del av kroppen. No er det litt mindre igjen av FrueFrøet UTAN at det vil ha nokon sentral betydning. Snarare tvert i mot - forventningane er at livet skal bli som NYTT - om litt!
Enn så lenge så blir eg her inne og "pusla og susla". Lengtar etter våren - det er heilt klart! Høyrer at han nermar seg - det drypp ein herlig melodi frå alle tak. Og i dag ser eg ALLE mønepannene på garasjetaket!
Sio eg ikkje er så himla spretten at det gjer noko, så får i alle fall hendene jobba... Ein plass må jo all uro (= utolmodighet) få utløp. FrøPrinsesso såg noko ho likte på sidene til Noa Noa Minaiture. Er snart ferdig med nummer ein av to... Skulle IKKJE ha rosa, så det vart lysegrønt og lys blå.Oppdatering: Har fått endå ei blome-helsing - Tusen takk!!

No skal FrueFrøet slenge beina høgt og slappe av!
3 kommentarer:
Hei vennen
Det var sannelig fine bloma, nyt dei mens dei er fine. Men det var gal mye snø sjå deg ennå. Her ser me snøklokker og litt av påske liljene. KS
SÅ deilig med vårsteming og blomster! Hege
Du har nå jammen vårstemninga på plass både ute og inne...te tross for mengder med snø:)
Eg har ikkje vore ute og "nytt" våren her endå. Kanskje fordi det krev at eg og må plukka opp glasbrot frå drivhuset? Har registrert nokre snøklokker...herleg vårluft:)
men idag renne da i strie straumar frå himmelen.
Masse god strategisk sentral bedring:))
Eg prøver å bli kvitt forkjølelse, men den e seigare enn sirup.
Kanskje kan eg greia ein te dag heima frå jobb...så kanskje det kan begynna å gå rette veien her :)
Vil ha vår i kroppen og, ikkje bare ute:))
Stooooor klem!
W
Legg inn en kommentar