Denne herlige buketten har eg fått av PrinsesseFrøet og naboguten. Hørte dei kviskra og planla overrekkinga. Stille på lette bein sneik dei seg innpå FrøMammo som låg og grov i eit blomebed.
Helga har vore god. Sol og varmt. Litt meir skya og litt kjøligare i dag, søndag, men fint og mildt likevel. Ute har det vore ein eksplosjon denne helga! Mens FrueFrøet tok ein kopp kaffe vart bjørka grøn! 
Mellom hagearbeid, så vart det tid til ein kaffekopp med naboane. Laga "Mormors Grokake", saftig og god!!!

Det "største" som hendte denne helga var at både NaboFrua og FrøPrinsen ramla uti hagedammen (til NaboFrua)! Kan bli ei lito utfordring den der dammen - Må snart ha 10 par støvlar og likemange par joggesko dersom FrøPrinsen skal vere tørr på beina...
Planar denne veka: Symøte, gjere vår-rufs i sandkassen (den er full av furunåler), kalke (har høyrt at det skal hjelpe mot brunsneglar (har allerede funne to....usj!), sy fleire dongeri-trekk til hageputene, luke i ulike bed, planlegge steinmur (håpar å begynne på denne til helga!!) og planlegge trappa... Ja også rydde i garasjen, skifte dekk (kjører piggfritt og må ha nye dekk til vinteren igjen - derfor litt treg...) stelle syklar og sykkelvogn. Og så skulle bunaden til FrøPrinsesso vore fiksa på! Puh!
Har vel egentlig ikkje tid til å gå på jobb?!!!
Jo så var det hagemøblane - dei skal jo vaskast og malast...
Planar eller ikkje - ønsker alle ei knallfin veke - og god lang helg!
(Her blir det lite tid til å blogge, men mykje å blogge om... :o)

2 kommentarer:
Vilken härlig blogg du har!!! Hit kommer jag gärna igen :) Kul!
Jes
Hei!
Det var ikke bare en liten liste av ting du må rekke gjennom denne uken, det var en laaaaaang liste! hihi.. Godt du ikke må gjøre alt på samme dag! ;)
Ønsker deg en fin vår-uke!
Vi får krysse fingrene for supert vær!
Klemmer fra Beth
Legg inn en kommentar